Hamlet

Premiere9. May 1987
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påHamlet av William Shakespeare
MålgruppeVoksne
Antall hendelser79
SpråkNynorsk
UttrykksformerTragedie, Teater
Spilleperiode9. May 1987  

Om Hamlet

Hamlet (1987) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Hamlet var basert på en tragedie av William Shakespeare, The Tragedy of Hamlet, Prince of Denmark. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Prøvesal.

Regissør var Stein Winge

Bjørn Sundquist spilte tittelrollen.

Hamlet ble sett av 9136 publikumere i Oslo.

Hamlet gjestet Göteborgsfestivalen i Sverige, Nordiska Teaterfestivalen i Helsingfors i Finland og i Wiesbaden i Tyskland, 6 forestillinger.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Hamlet

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Hamlet (1987):

    "Nett samarbeidet mellom Winge og Sundquist var utgangspunktet for eit intervju dramaturg Halldis Hoaas gjorde i programmet for framsyninga. Stein Winge snakka om Bjørn Sundquist:

    'Manen er ikkje lett tilgjengeleg, fordi han er ein kunstnar av stort format, i kraft av sitt sinn. Han er seg sjølv, ikkje seg sjølv nok. Han er ikkje sjølvopptatt på same måten som mange andre. (...) Eg måtte forhalde meg til han for første gong på alvor da vi fekk krise på Barabbas på grunn av sjukdom og Bjørn måtte overta Kaifas på stutt varsel. Vi byrja å jobbe - det tok åtte sekund, så var vi på bølgjelengde. Utan ord, utan forklaring, det var berre heilt riktig for begge.'

    (...)

    Same året (1988, Scenewebs kommentar) oppsummerte Jo Ørjasæter i jubileumsboka for Det Norske Teatret:

    'Det var ei svart tolking av dramaet, full av fortvila humor og etsande ironi, og sjølve slutten vart ei nesten overtydeleg understreking av dette. For her var inga utsoning da hovudpersonane låg døde, inga avklåra høgtidsstemning og kjensle av at ei ny og betre tid er i emning. Det blir berre det gamle oppatt, menneska har ingenting lært, historia sitt hjul rullar blindt knusande vidare. (...) Det vart Shakespeare som i ein trollspegel. Og Sundquist var tydeleg fullt innforstått med det, hans Hamlet bøygde seg og knektest under krava som vart sette til han, ikkje berre om å hemne, men om å reinske samfunnet for rotenskapen, gjere verda ny. Han var smerteleg merksam på sine manglande krefter, og fortvilinga fekk til dels burleske uttrykk. Av dei mange andre var Elisabeth Sands nakent utleverte Ofelia den somgjorde det varigaste inntrykket.'

    Ved sida av Sundquist og Sand drog kritikarane særleg fram Odd Furøys Polonius som ein imponerande rolleprestasjon. Fleire fekk godord; Svein Tindberg som Horatio, Vidar Sandem som Laertes, Tom Tellefsen i spissen for skodespelartruppen - og Trini Lund og Ulrikke Greve som Rosenkrantz og Guildenstern."

    KILDER:

    Repertoar på Det Norske Teatret 1913-2014. Overlevert Sceneweb 2015-09-08.


    Einar Dahls privatarkiv. Giver: Einar Dahl, 29.10.2014

    Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 22.08.2014, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=166