Grimfilm driv i hovudsak med stop-motion animasjon og illustrasjon.Selskapet vart starta i 2004 av Elin Grimstad, og ho arbeider individuelt, i tillegg til å invitere ulike kunstnarar i prosjekt. Grimfilm har til no fokusert mest på animasjonsfilm i kombinasjon med scenekunst og musikk.
Grimfilm skaper skeiv og taktil til papir- og utklipps animasjon. Alle filmane er teikna og animert for hand på multiglasbord. Filmane ynskjer ein å formidle ei kjensle av det intime, leikne og spontane.
Universet er namnet på Grimfilm sin nyaste produksjon, ei musikkteaterframsyning for born om verdsrommet. Både musikk og animasjonsfilmar hentar inspirasjon bla. ifrå 1960-tals Barne TV, spesielt Oliver Postgate. I samarbeid med dyktige medarbeidarar var Elin kunstnarisk leiar for produksjonen, i tillegg til å regissere animasjon- og videoarbeidet i framsyninga. Ho er også aktør på scenen. Premieren for Universet var på Det Åpne Teater, Oslo mars 2009.
Hausten 2008 laga Grimfilm animasjonar og illustrasjonar for dokketeaterframsyninga Barnets Wergeland på Oslo Nye Teater.
I 2006 produserte Grimfilm animasjonsfilmar til Busteper. Teaterproduksjonen var basert på ei barnebok med same namn, og var eit samarbeid mellom Boa Scenekunst og Figurteateret i Nordland. Her medverka Elin også som skodespelar og songar.