Peer Gynt

Digital versjon

Peer Gynt. Digital versjon (2020) var en digital teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Peer Gynt. Digital versjon var basert på skuespillet med samme tittel av Henrik Ibsen, i en nynorskoversettelse av Jon Fosse. Den digitale versjonen var et opptak av scenekunstproduksjonen Peer Gynt fra 2018. Den digitale versjonen ble vist på Det Norske Teatrets digitale plattform på teatrets hjemmesider under koronakrisen våren 2020. Opptaket lå åpent tilgjengelig i tiden etter første visning, og tilgangen var gratis.

Regissør var Erik Ulfsby.

Toralv Maurstad, som var 91 år gammel på premieretidspunktet i 2018, spilte den eldre Peer Gynt. Jan GrønliGeir KvarmePaul-Ottar HagaPål Christian EggenKarl-Vidar LendeNiklas Gundersen og Jonas F. Urstad spilte yngre versjoner av Peer Gynt.

Informasjon

(Objekt ID 99678)
Objekttype Produksjon
Premiere 8. mai. 2020
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Peer Gynt av Henrik Ibsen
Publikum Voksne
Språk Nynorsk
Emneord Teater, Korona-produksjon, Digital produksjon, Drama
Spilleperiode 8. mai. 2020  
Spilletid 2 timer 04:19 minutter
Nettsted DET NORSKE TEATRET
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Peer Gynt (2018):

"Peer Gynt er ved vegs ende. Han er sliten, medtatt og trøytt. Ferda gjennom livet har gitt mange oppturar, og enda fleire nedturar. Han har vore storkar og briska seg ute i verda. Møtt folk og skapnader, levd eit sjølvsentrert, vitalt og engasjerande liv.

Peer ville vekk – vekk frå Noreg, men mest vekk frå seg sjølv. Han ville skape seg om, utfalde seg, bli rik, han ville forbruke og han ville nyte. Men mot slutten av livet vender han heim, tungt merka av erfaringane han har gjort seg. No må han stå til rette for sitt eige liv. Kven var han eigentleg? Og toler livet hans møtet med Knappestøyparen?

Toralv Maurstad gir i denne versjonen av Ibsens storverk liv til den gamle Peer. I sitt siste og endelege oppgjer, er dette en Peer som ser tilbake på det livet som er levd. Frå erindringas mørkerom blir publikum tatt med i ein minnestraum. Ein lang rad ulike minne dukkar opp. Det er som om Peer blar fram og tilbake i sitt eige fotoalbum, der eit heilt liv blir bretta ut og framkalla. Ut av minnet stig historier, møte og erkjenningar som blir spelt av eit stort ensemble på 14 skodespelarar.

Maurstad om Peer

Toralv Maurstad ser fram mot å bryne seg på den gamle kjenningen. 91-åringen har spelt Peer Gynt både som ung og midt i livet. – No har eg den erfaringa som gjer det mogleg å spele den gamle Peer på ein måte eg aldri har makta før, seier han om rolla. – Eg ser ikkje på Peer som ein løgnar. Han har ein altfor frodig og utemma fantasi. Han skryt og diktar, med sjarm og vidd. Feilen er at han misbruker fantasien sin for å imponere og for å få merksemd – også hos damene. Det blir interessant å ta eit oppgjer med eit slikt liv. Eg trur han må innstille seg på å bli smelta om, gå inn i massen blant andre menneske. Slik vi alle kanskje må vere budd på."

KILDER:

Det Norske Teatret, 26.03.2018, www.detnorsketeatret.no, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/peer-gynt/

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 10.05.2020, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/peer-gynt?fbclid=IwAR185mCMaYVL1-DyZU0bzjArIUyWLBQlwyZ2s7Hmx0azzRG4ZvMXPhgXyns

Spilleplan
8. mai. 2020Det Norske Teatret, digitalt tilbod Premiere