Peer Gynt

Peer Gynt (2018) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Peer Gynt var basert på et skuespill av Henrik Ibsen med samme tittel, i en nynorskoversettelse av Jon Fosse. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Hovudscene.

Regissør var Erik Ulfsby. Han hadde regissert samme stykke på Gålå i 2014.

Toralv Maurstad, som var 91 år gammel på premieretidspunktet, spilte den eldre Peer Gynt. Jan Grønli, Geir Kvarme, Paul-Ottar Haga, Pål Christian Eggen, Karl-Vidar Lende, Niklas Gundersen og Jonas F. Urstad spilte yngre versjoner av Peer Gynt. - Toralv Maurstad hadde spilt den unge Peer Gynt på Nationaltheatret i 1955, og hele rollen på Nationaltheatret i 1985.

En digital versjon av Peer Gynt ble frigitt av Det Norske Teatret under koronakrisen 2020. Du kan lese mer om den her.

Informasjon

(Objekt ID 84694)
Objekttype Produksjon
Premiere 9. sep. 2018
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Peer Gynt av Henrik Ibsen
Publikum Voksne
Antall publikum 35630
Antall hendelser 53
Språk Nynorsk
Uttrykksformer Teater, Drama
Spilleperiode 9. sep. 2018  
Nettsted Det Norske Teatret
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Peer Gynt (2018):

"Peer Gynt er ved vegs ende. Han er sliten, medtatt og trøytt. Ferda gjennom livet har gitt mange oppturar, og enda fleire nedturar. Han har vore storkar og briska seg ute i verda. Møtt folk og skapnader, levd eit sjølvsentrert, vitalt og engasjerande liv.

Peer ville vekk – vekk frå Noreg, men mest vekk frå seg sjølv. Han ville skape seg om, utfalde seg, bli rik, han ville forbruke og han ville nyte. Men mot slutten av livet vender han heim, tungt merka av erfaringane han har gjort seg. No må han stå til rette for sitt eige liv. Kven var han eigentleg? Og toler livet hans møtet med Knappestøyparen?

Toralv Maurstad gir i denne versjonen av Ibsens storverk liv til den gamle Peer. I sitt siste og endelege oppgjer, er dette en Peer som ser tilbake på det livet som er levd. Frå erindringas mørkerom blir publikum tatt med i ein minnestraum. Ein lang rad ulike minne dukkar opp. Det er som om Peer blar fram og tilbake i sitt eige fotoalbum, der eit heilt liv blir bretta ut og framkalla. Ut av minnet stig historier, møte og erkjenningar som blir spelt av eit stort ensemble på 14 skodespelarar.

Maurstad om Peer

Toralv Maurstad ser fram mot å bryne seg på den gamle kjenningen. 91-åringen har spelt Peer Gynt både som ung og midt i livet. – No har eg den erfaringa som gjer det mogleg å spele den gamle Peer på ein måte eg aldri har makta før, seier han om rolla. – Eg ser ikkje på Peer som ein løgnar. Han har ein altfor frodig og utemma fantasi. Han skryt og diktar, med sjarm og vidd. Feilen er at han misbruker fantasien sin for å imponere og for å få merksemd – også hos damene. Det blir interessant å ta eit oppgjer med eit slikt liv. Eg trur han må innstille seg på å bli smelta om, gå inn i massen blant andre menneske. Slik vi alle kanskje må vere budd på.

Om valet av hovudrolle

Erik Ulfsby som har regien, ønskjer i denne versjonen å ta utgangspunkt i møtet mellom Peer Gynt og Knappestøyparen i siste akta. Peer undrar på kva som var meininga med det heile, og får til svar at det burde han hatt ei viss aning om. Blant dei som ikkje har det, finn nemleg djevelen sine lettaste bytte. Det er med ein fot over avgrunnen at Peer må kaste lys over eigne gjeremål.

– Eg høyrde Toralv i sigersrusen etter utdelinga av Heddaprisen i fjor seie at han ville stå på scenen til dei måtte bere han av brettet. Det slo meg som ein utruleg gyntsk replikk, seier Erik Ulfsby om valet av Maurstad i rolla som Peer Gynt. – I tillegg er det jo slik at Toralv på mange vis ber den norske Peer Gynt-tradisjonen på akslane. Slik far hans også gjorde. No kan han møte teksten med all den visdom og all den glede og smerte eit langt liv fører med seg, seier Ulfsby."

KILDER:

Det Norske Teatret, 26.03.2018, www.detnorsketeatret.no, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/peer-gynt/

Nasjonalbiblioteket, forestillingsprogram overlevert Sceneweb, 23.10.2019

Øvrige medvirkende

Ellers alternerte Ailo Winther og Bobo Solan Hedin

Spilleplan
9. sep. 2018Hovudscenen – Premiere