Den knuste krukka

Premiere24. Jan 2019
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påDen knuste krukka av Heinrich von Kleist
SpråkNynorsk
UttrykksformerTeater
Spilleperiode24. Jan 2019  
NettstedDet Norske Teatret

Om Den knuste krukka

Den knuste krukka (2019) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Den knuste krukka var basert på skuespillet Der zerbrochne Krug av Heinrich von Kleist. Produksjonen ble spilt på Det Norske Teatrets Scene 3.

Johannes Holmen Dahl regisserte.

Sara Khorami spilte rollen som Eva.

Ola G. Furuseth spilte rollen som Adam.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Den knuste krukka

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Den knuste krukka:

    "Stridens kjerne er ei knust krukke. Men det viser seg fort at ikkje berre ei krukke er gått i knas. Ei ung jente er også merka av ugjerningar utøvd av maktpersonar. Dommaren i saka viser seg å vere den skuldige.

    I den vesle landsbyen Husum blir ei sak ført for retten. Same dag er ein utanbys inspektør på plass for å kontrollere rettspraksisen i området. Dette fører til at landsbydommaren, Adam, blir tvinga til å føre ei sak der han også er gjerningsmannen. Dommaren som kan råde over framtida til ungjenta Eva har brukt denne makta som pressmiddel for utuktige handlingar. I løpet av rettsforhandlingane blir maktmisbruk og klåfingra dommarar gradvis avkledde, medan krukka som symbol for Evas uskuld viser seg å vere umogleg å reparere.

    Tysk klassikar

    Heinrich von Kleists lystspel frå 1808 er blant dei mest spelte drama i det tyske teateret. Dommar Adam representerer makta i dette vesle samfunnet og blir eit symbol på det korrupte i systemet. Kleist maktar med humor og brodd å løfte fram gamal inngrodd ubalanse i samfunnet som gjer stykket relevant for eit publikum over 200 år etter utgivinga. Handlingane er velkjende. At makt kan føre til grenseoverskridande åtferd er dessverre framleis ei kjensgjerning. Dommaren får straffa si og loven blir stramma opp. Men krukka er like knust, i likskap med Eva. For skaden er skjedd og kan ikkje bøtast."

    KILDER:

    Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 11.12.2018, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/den-knuste-krukka/

    Import fra premierelisten på Scenekunst.no 11.12.2018