Mare

Mare (2019) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Mare var urfremførelsen av en teatertekst med samme tittel av Lisa Lie. Produksjonen ble urfremførtDet Norske Teatrets Scene 2.

Tekst og regi av Lisa Lie.

Lie vant den nasjonale Ibsenprisen 2020 for manuset til Mare.

En digital versjon av Mare ble gjort tilgjengelig på Det Norske Teatrets hjemmesider under koronakrisen 2020. Du kan lese mer om den digitale versjonen her.

Informasjon

(Objekt ID 89899)
Objekttype Produksjon
Premiere 19. jan. 2019
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Mare av Lisa Charlotte Baudouin Lie
Publikum Voksne
Språk Nynorsk
Uttrykksformer Teater, Tragikomedie
Spilleperiode 19. jan. 2019  
Nettsted Det Norske Teatret
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Mare:

"Det finst teoriar om at morskjærleiken er den opphavlege forma for kjærleik og at alle andre former, som romantisk kjærleik, er mutasjonar av denne. Nyare forsking tyder på at denne kjærleiken slår inn og endrar hjernen til kven som helst som får og tar ansvaret for eit lite barn over tid.

Men kva får eit menneske til å hoppe frå balkongen og ta med seg barna sine? Anna enn verdas vondskap? At mørkeret har trengt seg inn i dei? Jorda er som ei stor mor som er lei oss.

Mare er ein tragedie, eit mysterium, ein folkeleg festival i mytologisk landskap. I dette universet vil du møte mange karakterar frå samtid, historie og myte. Ein av desse er den greske myten om Medea. Regissør Lisa Lie vil i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet skape eit scenisk verk i spenningsfeltet mellom ei lys handling og ein mørk tekst. Med utgangspunkt i mytar, mellom anna frå antikken, blandar dei historie og samtid med eit urtidsteater som stammar frå dionysiske landlege rituelle festivalar.

1900-talets mest spelte tragedie

Medea er Evripides mest kjende tragedie, og handlar om hekateprestinna, trollkvinna og halvgudinna Medeas vreide etter at ho oppdagar at ektemannen Jason har vore utru og vil gifte seg med ei anna. Medea har ofra alt for å vere med Jason, ein hjelpelaus leiar for Argonautane, som ho har hjelpt til siger da ho blei forgifta av kjærleik som eit ledd i gudane sitt spel, forlate landet sitt og forrådt sin eigen familie. Det finst mange ulike versjonar av myten om Medea, berre i dei siste drep ho sjølv barna sine. I evolusjonsbiologisk forstand gir det inga meining for ei mor å ta livet av barna sine som hemn over ein tidlegare partnar, slik menn kan gjere.

Mara

Mare som i mareritt, mor og hav. Du vaknar og trur det berre var ein draum at verda gjekk under, men det var sanning som rørte ved deg da du ikkje kunne forsvare deg. I søvnlamma landskap kan ingen høyre deg skrike. Rettare: Ingen bryr seg om du skrik. Når mamma ikkje lenger bryr seg, kan ingenting redde deg. Mara er eit norrønt vesen som hadde det med å sette seg eller ri på brystet til folk og dyr mens dei sov, og med det vere årsak til kjenslene av å bli kvelt. Dette er ein tilstand som blir beskrive over heile verda og som blir kalla søvnlamming eller søvnparalyse. Den sovande er i ein slags vaken tilstand, men ute av stand til å røre seg, får problem med å puste og opplever også ofte hallusinasjonar. Mara er også opphav til uttrykket som beskriv det å ha ein vond draum – eit mareritt. Vi kan bli ridd av marer som vi kan bli ridd av dårleg samvit."

Den norske Ibsenprisens jury oppga følgende begrunnelse for prisen til Lisa Lie:

"Mare av Lisa Lie er et subtilt og intelligent referanseflettverk preget av musikalitet, originalitet og varme. Med utgangspunkt i Evripides' Medea spinner Lie frem et rikt dramatisk landskap i spennet mellom klassisk tragedie og moderne livsanskuelse. Den mytologiske og nærmest arkaiske forståelsen av Medea blir vrengt og gitt et samtidig og intelligent perspektiv. Det mytiske knyttes til vår egen tid gjennom eldgamle og nåtidige referanser, og blir en reise inn i et mytisk landskap der endestasjonen finnes i oss selv. Spennet mellom en postdramatisk struktur hvor scenografien fungerer som et drivende dramaturgisk element og monologer som bringer leseren tett på hovedpersonen, gjør dramaet nærværende. Som Medea sier:

Alt det vi gjer mot dei forsvarslause. Utan at vi klarer å sjå at det skjer. Under gatene våre. Inne i husa. Dei sakna barna. Dei som forsvinn. Dei som ikkje har nokon til å forsvare seg. Svikta av dei som påstår forsvare dei. Og der har du meg. Eg speglar deg. Mørket i deg."

KILDER:

Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 11.12.2018, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/mare/

Import fra premierelisten på Scenekunst.no 11.12.2018

Skien kommune, skien.kommune.no, 02.04.2020, https://www.skien.kommune.no/aktuelt/ibsenprisen-2020/?fbclid=IwAR0Bc93i7Rj4u3Dm_kYlTNQ1ACQUiyPIDump6XuZt8Bmdfw-8bjF-DVj2uQ

Spilleplan
19. jan. 2019 kl. 18:00 – Scene 2 – Urpremiere