Tittel (2) | Filtype | Publiseringsdato | Last ned |
---|---|---|---|
Forestillingsprogram for Det Norske Teatrets produksjon Som lauvet i Vallambrosa (2017) | 25. mar. 2017 | Last ned | |
Sesongprogram fra Det Norske Teatret 2016 - våren 2017. | 2016 | Last ned |
Som lauvet i Vallombrosa
Som lauvet i Vallambrosa (2017) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Som lauvet i Vallombrosa var basert på et skuespill av Lars Norén, Som löven i Vallombrosa. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Scene 2.
Regissør var Alan Lucien Øyen.
Informasjon
(Objekt ID 67628)Objekttype | Produksjon |
Premiere | 25. mar. 2017 |
Produsert av | Det Norske Teatret |
Basert på | Løvet i Vallombrosa / Som lauvet i Vallombrosa av Lars Norén |
Publikum | Voksne |
Antall publikum | 2430 |
Antall hendelser | 16 |
Språk | Nynorsk |
Emneord | Teater, Drama |
Spilleperiode | 25. mar. 2017 |
På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Som lauvet i Vallombrosa:
"Lars Norén er ein meister i å skildre den dysfunksjonelle familien. I Som lauvet i Vallombrosa observerer han samtida med humoristisk svartsyn.
Ein familie i fire generasjonar møtest i eit sommarhus ved havet. Den aldrande familiefaren er sjuk, og dei veit ikkje kor lenge han har igjen. Huset skal seljast, og dette kan vere den siste sommaren. Under den lyse sommaridyllen boblar år av undertrykte kjensler. Søskena er ueinige, både kjærleiksforhold og søskenrelasjonane skrantar. Nede på stranda døyr fuglane i oljesøl. Familiens forsøk på triveleg passiar blir snart overdøyvd av etsande sarkasmar og sårande skuldingar. Alle lengtar dei bort.
(...)
I Lars Noréns tekst kjem tragedien til uttrykk i det komiske, i språket og i dei hjelpelaust fastlåste menneska som lyg for seg sjølv og kvarandre. Karakterane er heimlause i sine eigne liv, men klamrar seg likevel til håpet om at det finst noko betre og meir autentisk. I New York, eller Toscana, i ein småby eller i lag med ei vakker, ung skodespelarinne. Det er dei store spørsmåla det gjeld, livet, kjærleiken og kunsten, med tydelege parallellar til Tsjekhovs Måken og Kirsebærhagen, og til Strindbergs dramatikk. Tittelen til stykket er henta frå John Miltons episke dikt Det tapte paradis.
(...)
Lars Norén er ein av Nordens fremste samtidsdramatikarar, og har skrive over 70 skodespel, i tillegg til dikt og romanar. Som lauvet i Vallombrosa vart skrive for SVT Drama tidleg på 90-talet, og har mellom anna blitt spelt på Dramaten i Stockholm og på Den Nationale Scene i Bergen. Det Norske Teatret etablerte seg tidleg om eit Norén-teater, og har sett opp mange av stykka hans, mellom anna Nattverden, Ei natt lenger enn livet, Tida er vår heim, Personkrins 3:1, Lys og Kaos er granne med gud, og sjølv sette han opp November.
Regissør Alan Lucien Øyen har erfaring både som dramatikar, regissør og koreograf. Dette er første gong han har regi ved Det Norske Teatret."
KILDE:
Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 27.10.2016, http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/som-lauvet-vallombrosa/
Navn | Rolle |
---|---|
Lars Norén | – Dramatiker |
Marit Tusvik | – Oversettelse |
Alan Lucien Øyen | – Regi |
Anders Hasmo | – Dramaturg |
Leiko Fuseya | – Scenografi |
Ingrid Nylander | – Kostymedesign |
Torhild Jensen | – Kostyme (Kostymekoordinator) |
Gunnar Innvær | – Lyddesign |
Torkel Skjærven | – Lysdesign |
Marie Blokhus | – Skuespiller (Clara, dotter til Gabriel) |
Heidi Gjermundsen Broch | – Skuespiller (Lena, dotter av John) |
Jan Grønli | – Skuespiller (John) |
Niklas Gundersen | – Skuespiller (Fredrik, mannen til Sonja) |
Kyrre Hellum | – Skuespiller (Umberto, nabo og nevøen til John) |
Hallvard Holmen | – Skuespiller (Umberto, nabo og nevøen til John) |
Ingrid Jørgensen Dragland | – Skuespiller (Sonja, dotter av John) |
Svein Roger Karlsen | – Skuespiller (Gabriel, son av John) |
Gard Skagestad | – Skuespiller (Olof) |
Morten Svartveit | – Skuespiller (Samuel, son til Sonja og Fredrik) |
Helena Jonsdottir | – Maskedesign |
Helge Fykse | – Rekvisitter |
Erlend Stamnes | – Inspisient |
Erlend Olaisen | – Scenemester |
Ole Randers | – Lysmester |
Vibeke Blydt-Hansen | – Lydtekniker |
Torill Steinlein | – Sufflør |
25. mar. 2017 – Scene 2, Det Norske Teatret | Premiere |