Hamlet

Hamlet (2014) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Hamlet var basert på en tragedie av William Shakespeare, The Tragedy of Hamlet, Prince of Denmark. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Scene 2.

Regissør var Peer Perez Øian

Marie Blokhus spilte tittelrollen.

Informasjon

(Objekt ID 41498)
Objekttype Produksjon
Premiere 10. okt. 2014
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Hamlet av William Shakespeare
Publikum Voksne
Antall publikum 8159
Antall hendelser 47
Språk Nynorsk
Emneord Teater, Tragedie
Spilleperiode 10. okt. 2014  
Nettsted Det Norske Teatret
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Hamlet (2014):

"Kva er det med Hamlet?
Kvifor er vi i generasjon etter generasjon så fascinerte av dette skodespelet? Kanskje fordi Hamlet femnar så mange grunnleggande og eksistensielle tema? Det handlar om politikk, om makt og moral, teori og praksis. Her er kjærleiksdrama, generasjonsmotsetjingar, svik og solidaritet.

Prinsen som nektar å spele prins
Eit anna iaugnefallande tema i stykket er motsetjinga mellom røyndom og roller, det som er verkeleg og det som berre synest slik. Her blir dette mellom anna understreka av at Marie Blokhus har rolla som Hamlet og at mannen hennar, Frank Kjosås, spelar både Ofelia - Hamlets ulykkelege kjærleik - og filosofistudenten Horatio - hans beste venn. Men felles for alle karakterane er at dei blir slitne mellom rolla dei har fått tildelt og korleis dei forstår henne. Dei er framandgjorde i sine eigne liv og tek på seg ulike masker for å skjule det.

"Noko er ròte i det danske riket"
Historia er ei av verdas mest kjende. Danmarks kronprins, Hamlet, kjem heim frå studiar ved humanismens høgborg, universitetet i Wittenberg, til den svartaste menneskelege bakevje ved hoffet i Helsingør. Far hans er død, drepen av sin eigen bror. Han har gifta seg med enka etter broren, mor til Hamlet, og har røva til seg trona. Kva hjelper innsikt og kunnskap i ei slik verd? Menneska er ikkje ekte, dei speler, livet og røyndomen er falsk. Samstundes hevdar Hamlet at det er i kunsten sanninga, det ekte og autentiske ligg. Han set si lit til at skodespelarane vil avsløre sviket: "Eg har høyrt at skuldige, som ser eit skodespel, kan bli så oppskaka i sjel og sinn av handlinga i ei scene, at dei brått står fram og vedgår alle sine brotsverk".

Eit sterkt lag Den unge og lovande regissøren Peer Perez Øian gjorde tidlegare i år suksess med det sveitsiske samtidsstykket Tjue tusen sider på Hovudscenen. Når han i haust går laus på denne slitesterke klassikararen, er det med eit sterkt ensemble i eit scenerom skapt av den spennande, tyske scenografen Hendrik Scheel. Popartisten Lucy Swann har komponert musikken. Perez Øian skal vere knytt til Det Norske Teatret dei neste fire åra, så kvifor ikkje begynne med eit av verdslitteraturens hovudverk? "

KILDER:

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 11.08.2014, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=430

Import fra premierelisten på Scenekunst.no 11.08.2014

Einar Dahls privatarkiv. Giver: Einar Dahl, 08.02.2015

Nasjonalbiblioteket, forestillingsprogram overlevert Sceneweb, 21.10.2015.

Spilleplan
10. okt. 2014 kl. 19:30 – Scene 2, Det Norske Teatret Premiere