Rambuku

Rambuku (2006) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Rambuku var en urpremiere basert på et skuespill av Jon Fosse med samme tittel. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Scene 2.

Regissør var Kai Johnsen.

Ragnhild Hilt spilte Ho.

Informasjon

(Objekt ID 33471)
Objekttype Produksjon
Premiere 2. feb. 2006
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Rambuku av Jon Fosse
Publikum Voksne
Antall publikum 1759
Antall hendelser 29
Språk Nynorsk
Emneord Teater, Drama
Spilleperiode 2. feb. 2006  
Spilletid 1 time
Nettsted DET NORSKE TEATRET
Les mer

På hjemmesiden til Det Norske Teatret står det bl.a. følgende om Rambuku:

"Eit eldre ektepar er på grensa mellom liv og død, på veg til å gjere ei reise inn i det ukjende, landet der bortanfor, Rambuku. Kvinna er full av tale, mannen full av togn. Idet vi står på terskelen til det ukjende, kan vi sjå både bakover og framover. Ser vi da det same der inne i framtida som det vi ser over skuldra i fortida? Eller er det noko meir? Kjem mannen og kvinna til å gjere reisa saman? Og kven eller kva er Rambuku?

'Viss vi ser på utviklinga frå Jons første stykke og fram til Rambuku, så har eg tenkt at viss Jon ikkje skreiv fleire stykke, at Rambuku blei det siste, så er det er ein slags tematisk samanheng mellom det første og det siste stykket hans. I Nokon kjem til å komme er det nokon som er på veg til eit hus. I Rambuku er dei på veg frå dette huset. Og kva er dette huset? På ein eller annan måte, meiner eg det er språket - altså evna til å formulere seg eller formulere livet, korleis språket kan tape meining i tilværet. Og på teatret, der er det tausheit og tale bokstavleg talt, altså anten så held du kjeft, eller så snakkar du. Og kva er det som skjer der imellom? På ein eller annan måte er det ei slags reise til grensa mellom det meiningslause og det meiningsfulle. Og i kva grad vi klarer å formulere oss, i møtet mellom det meiningsfulle og det meiningslause. Tenkjer ein slik, er det nesten naturleg å ende i teatret, for det er den einaste staden der tausheita er noko konkret. På ein heilt annan måte enn når du les, er tausheita til stades i teatret', seier instruktør Kai Johnsen i programmet.

'Ja, eg lever med Fosse både dag og natt, for dette stykket som vi no skal til med, det er ei stor tekst. Ein kan sjå Rambuku som ei hylling til forteljinga, til den omskapande krafta i forteljinga. Samstundes er det ei kjærleikshistorie. Ho og Han står på ein terskel mellom liv og død. Det er ei gåvmild forteljing, men òg ein overlevingsmanøver. Ein lengt etter at noko skal vere vakkert', seier skodespelar Ragnhild Hilt i Det Norske.

'Det finst mange gode forfattarar. Men ein av dei som ganske tidleg stod tydeleg for meg var altså Beckett. Eg las ikkje så mykje av han. Og det meste han skreiv har eg framleis ikkje lese, og eg kjem nok truleg heller ikkje til å gjere det. For det trengst liksom ikkje. Eg veit det alt, på eit vis. Når eg har blitt spurd om kvifor eg likar Beckett så godt, kan eg svare at det er fordi Becketts dikting er taparens siger. For som Beckett sa, til sist innsåg han at han ikkje måtte prøve å vere flink og å få det til i det han skreiv, han måtte skrive fram sitt nederlag. Det var først då han innsåg det at han fekk til å skrive. 'The vision at last', som han sa. Men det svaret er kanskje ikkje så godt, så eg plar svare at eg likar Beckett så godt på grunn av sjela i setningane hans. Det er ikkje så verst svart, om det heller ikkje er så veldig godt sagt. Men sjølvsagt er heller ikkje det noko uttømmande svar. .... I mi eiga dikting har det nok hendt at eg har brukt Beckett som vegg, som noko eg kunne bruke til å skubbe ifrå, det ligg jo alt i ein tittel som Nokon kjem til å komme. Sant å seie har eg nok skrive meir mot enn med Beckett', seier dramatikar Jon Fosse i programmet.

Kvinna/Ho blir spela av Ragnhild Hilt og mannen/Han av Svein Erik Brodal. Rolla som Rambuku har Morten Espeland.

Regi er ved Kai Johnsen, scenografi og kostyme ved Kari Gravklev. Dei samarbeidde sist om oppsetjinga av Lars Noréns Taus musikk, og sto bak regi og scenografi på Vakkert. Musikken er laga av Henrik Hellstenius."

KILDER:

Boka Teaterstykke 2, Det Norske Samlaget (2001)

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 15.02.2013, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=218

Nasjonalbiblioteket, forestillingsprogram overlevert Sceneweb, 31.05.2018.


Repertoar på Det Norske Teatret 1913-2014. Overlevert Sceneweb 2015-09-08.

Spilleplan
2. feb. 2006Scene 2, Det Norske Teatret Urpremiere