Ein sommars dag

Ein sommars dag (1999) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Ein sommars dag var en urpremiere basert på et skuespill av Jon Fosse med samme tittel. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Scene 2.

Regissør var svenske Gunnel Lindblom.

Ein sommars dag dro også på gjestespill til Bonn under "Bonner Biennale - Neue Stücke aus Europa".

Informasjon

(Objekt ID 33456)
Objekttype Produksjon
Premiere 9. jan. 1999
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Ein sommars dag av Jon Fosse
Publikum Voksne
Antall publikum 6142
Antall hendelser 47
Språk Nynorsk
Uttrykksformer Teater, Drama
Spilleperiode 9. jan. 1999  
Nettsted DET NORSKE TEATRET
Les mer

På hjemmesiden til Det Norske Teatret står det bl.a. følgende om Ein sommars dag:

"Eit ungt ektepar har flytta frå storbylarmen til eit hus ved fjorden. Den siste tida har mannen forandra seg. Han er fjern og uroleg, og kvinna føler at noko er i vegen. Ein dag drar han ut på fjorden, slik han har for vane. Ho ventar og blir uroleg. Kvifor kjem han ikkje att?

'Det store fine huset
Det kvite fine huset'

Ein sommars dag er det andre teaterstykket av Jon Fosse som har urpremiere på Det Norske Teatret. Det fyrste, Nokon kjem til å komme, vart sett opp i 1996.

Menneskelege grunnsituasjonar

Teatersjef Vidar Sandem skriv i programmet for framsyniga: 'Sidan Jon Fosse debuterte som scenediktar med Og aldri skal vi skiljast i 1994, har ein tala og skrive mykje om hans særeigne språk, om at språket hans er heile scenekunsten. Eg er ikkje heilt samd i dette. Jau, Jon Fosse har eit særeige språk, si eiga røyst, det har alle gode diktarar. Men det som fascinerer meg hos Jon Fosse er måten å skildre menneske på, korleis han med sitt språklege klangapparat slår sine akkordar av menneskelege grunnsituasjonar og held dei opp framfor oss til dei står og dirrar på scenen.'

Gunnel Lindblom

Regien på Ein sommars dag er ved Gunnel Lindblom. Ho har ei lang og allsidig karriere bak seg, som skodespelar i film og på teater og som regissør. Ho debuterte på Göteborg Stadsteater i 1975, og er kjend frå store roller i fleire Bergman-filmar og som Ylajali i Henning Carlsens kjende filmatisering av Sult. Ho har vore tilsett som skodespelar og seinare instruktør ved Dramaten. Som filmregissør står ho bak ma. Paradistorg, Sally och friheten og Sommarkvällar på jorden. På Det Norske Teatret har ho tidlegare sett opp Det gode mennesket i Sezuan (1975)."

KILDER:


Repertoar på Det Norske Teatret 1913-2014. Overlevert Sceneweb 2015-09-08.

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 15.02.2013, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=317

Boka Teaterstykke 2, Det Norske Samlaget (2001)

Medvirkende
Navn Rolle
Jon Fosse – Dramatiker
Gunnel Lindblom – Regi
Egil Monn-Iversen – Musikk
Charles Koroly – Scenografi
Charles Koroly – Kostymedesign
Terje Wolmer – Lysdesign
Ulrikke Greve – Skuespiller (Den eldre venninna)
Hallvard Holmen – Skuespiller (Asle)
Andrea Bræin Hovig – Skuespiller (Den unge venninna)
Henny Moan – Skuespiller (Den eldre kvinna)
Kristin Skogheim – Skuespiller (Den unge venninna (overtok etter Bræin Hovig))
Sverre Solberg – Skuespiller (Mannen)
Ingunn Beate Øyen – Skuespiller (Den unge kvinna)
Ole Bøhn – Musiker (Fiolin)
Svenn Erik Kristoffersen – Musiker (Synthesizer)
Britt-Helen Riise – Maskedesign
Spilleplan
30. jun. 2000Schauspielhalle Beuel , Bonner Biennale - Neue Stücke aus Europa – gjestespill
9. jan. 1999Scene 2 – Urpremiere
Det finnes ingen vedlegg tilhørende dette objektet. Om du har bilder eller andre relevante vedlegg, kan du sende disse til oss på e-post: redaksjon@sceneweb.no
Rapportér feil eller mangler