Tilgi meg

Tilgi meg (2023) av og med Bjarte Tjøstheim var en teatermonologproduksjon på Det Norske Teatret, Scene 2.

Regissør var Thomas Giertsen.

Co-regissør var Karina Aase.

Informasjon

(Objekt ID 143301)
Objekttype Produksjon
Premiere 13. okt. 2023
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Tilgi meg av Bjarte Paul Tjøstheim
Publikum Voksne
Språk Nynorsk
Emneord Teater, Monolog
Spilleperiode 13. okt. 2023  —  31. jan. 2024
Spilletid ca 1 time
Nettsted Det Norske Teatret
Les mer

««Etter den førre framsyninga mi Det går betre no skjønte eg at mange har angst. Men enda fleire, om ikkje alle, har dårleg samvit.» – Bjarte Tjøstheim

Bjarte Tjøstheim er tyngd av dårleg samvit. Ikkje berre for alt det dumme han har sagt og gjort, men også for det han ikkje har gjort. Som å støvsuge og klippe plenen. Bjarte hatar praktisk arbeid og meiner det er under hans verdigheit å måtte dra rundt på den dumme støvsugaren.

For Bjarte Tjøstheim skulle jo eigentleg bli ein stor og framståande mann, ei blanding av Jens Stoltenberg og Jan Egeland, som skulle utrette store ting i verda.

I staden har han blitt ei blanding av idiot og komikar, ein sånn som lever av å avbryte og komme med dumme kommentarar. Kva gjer du når avstanden mellom den du er, og den du ønskjer å vere, blir for stor? Er det for seint å bli eit betre menneske?

Den vanskelegaste tilgjevinga

Tilgi meg er eit nytt sorgmuntert stykke av og med Bjarte Tjøstheim, der komikaren og prestesonen med vaklande gudstru ber om tilgiving, ikkje berre frå høgare makter, men også frå alle rundt seg. Men vanskelegast av alt blir det kanskje å tilgi seg sjølv.

Bjarte Tjøstheim debuterte på teaterscenen med soloframsyninga Det går betre no på Det Norske Teatret i 2018. Framsyninga spelte for fulle hus og har sidan vore på turné rundt i heile Noreg. For mange er Tjøstheim kjent som ein tredjedel av podkasten Papaya og for fleire humoristiske tv-program på NRK.

I samarbeid med Underholdningskonsulenten Bjarte Tjøstheim.»

Kilder:

Import fra premierelisten på Scenekunst.no 31/10-2023

Det finnes ingen vedlegg tilhørende dette objektet. Om du har bilder eller andre relevante vedlegg, kan du sende disse til oss på e-post: redaksjon@sceneweb.no
Rapportér feil eller mangler