BrassWind

BrassWind er ein årleg festival for ny musikk for blåsere og slagverk der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler. Mange nye norske verk får sin førsteoppføring her.

Informasjon

(Objekt ID 4851)
Objekttype Organisasjon
Organisasjonstype Festival
Hovedfokus Musikk
Etablert 1. okt. 2004
Nettsted BrassWind

Kontaktinformasjon

Adresse Bergen

Annen informasjon

Organisasjonsform Annen/Ukjent
Les mer

BrassWind har som intensjon og auke interessen for originalskriven korpsmusikk frå vår eigen tid, og å stimulere komponistar til å skrive ny musikk for korpsmediet. Hovudvekt skal vere på norsk samtidsmusikk, der halvparten av festivalrepertoaret skal vere verk av norske komponistar. Festivalen skal vere ein arena der ein kan teste ut ny musikk og større verk for brass- og windband.

Dei siste 15- 20 åra har dei fremste musikkorpsa i Noreg oppnådd eit profesjonelt musikalsk nivå. Norske amatørmusikarar er nyfikne og opne for nytt og spanande repertoare. Medan ein i utlandet ser ein tendens til ein resirkulering av gammalt konsertrepertoare, blir det norske korpsmiljøet sett på som lite konservativt i så måte.

Dette har resultert i stadig nye, originalskrivne musikkverk for korps og ei auka interesse for samtidsmusikk generelt og korps spesielt. BrassWind festivalen vart difor tatt i mot med opne armar av ei samla korpsrørsle. Av Norges Musikkorps Forbund er festivalen omtalt som kanskje den viktigaste nyskapinga i korps-Noreg nokonsinne.

Kilde: BrassWind, brasswind.no, 06.08.2010, http://www.brasswind.no

Det finnes ingen vedlegg tilhørende dette objektet. Om du har bilder eller andre relevante vedlegg, kan du sende disse til oss på e-post: redaksjon@sceneweb.no
Rapportér feil eller mangler