Tolvskillingsoperaen

Tolvskillingsoperaen (2020) var en musikkteaterproduksjon av Det Norske Teatret. Tolvskillingsoperaen var basert på et skuespill av Bertolt Brecht og Elisabeth Hauptmann med musikk av Kurt WeillDie Dreigroschenoper. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Hovedscene

Regissør var Tore Vagn Lid.

Kristoffer Olsen spilte Mackie Kniven.

Premieren var planlagt 25. april 2020 men denne ble utsatt til 14. november grunnet Koronapandemien. På premieredatoen pågikk 2. nedstengning av Oslo og teatret var stengt, den ble derfor spilt uten publikum.

Informasjon

(Objekt ID 97712)
Objekttype Produksjon
Premiere 14. nov. 2020
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht, Kurt Weill, Elisabeth Hauptmann
Publikum Voksne
Språk Nynorsk
Uttrykksformer Musikkteater, Politisk teater, Korona-produksjon
Spilleperiode 14. nov. 2020  
Nettsted Det Norske Teatret
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Tolvskillingsoperaen:

"Tolvskillingsoperaen er ein skarp analyse av ein framstormande kapitalisme med sin vekst- og varelogikk. Det snart 100 år gamle musikkteaterstykket av Brecht, Weill og Hauptmann viser innretninga av eit samfunn der alt og alle er til sals; der ingen og ingenting har meir verdi enn det har på ein marknad. Og der ingenting er unntatt denne marknaden. Ingen kan stole på nokon, eller noko. Heller ikkje sine eigne kjensler.

På denne marknaden opererer på den eine sida den skruppellause storfisken og businessmannen Peachum, på den andre sida den berykta og notoriske forbrytaren Mackie Kniven. Peachum driv saman med kona og dottera Polly ei lukrativ verksemd, der alle tiggarane i byen er tilsette. Undergrunnshierarkiet blir etter kvart truga av svindlaren Mackie, som også forfører dottera til Peachum.

Arbeidsoppgåver blir tatt over av kunstig intelligens

Regissør Tore Vagn Lid ønskjer i denne versjonen å rette blikket inn i ei tenkt framtid og i ei mogleg ny verkelegheit. Handlinga finn stad langt inne i den nye norske fjellheimen. Ein gong, for ikkje alt for lenge sidan, var dette området ein såkalla allmenning – ein nasjonalpark. Freda og tilgjengeleg for alle. Slik er det ikkje lenger. No er skiltet med 'Privat veg' kome opp. Borte er NSB, NAV, NTB og NRK og resten av ein smuldrande velferdsstat. Nye hordar av turistar har begynt å følgje jernbanesporet oppover mot høgfjellet. Årstidene er heller ikkje lenger til å stole på. Og for dei som handlar med alt og alle, er dette i grunnen bra, sidan det no er pengar å tene i kvar ei snødekt li.

Fleire og fleire arbeidsoppgåver er tatt over av menneskas intelligente løysingar. Avatarar har rykka inn, også i teateret. Dei gir stemme til robotane, robotane som ikkje seier nei og som er grenselause. Framsyninga kan kanskje sest som ein generalprøve på den nye verkelegheita, der forbrukarens påverknadskraft, og i visse tilfelle rettar, ytterlegare har prega samfunnets økonomiske strukturar. Netthandelen er framleis attraktiv, ikkje minst handel med heilt nye naturtru dokker som kan gjere ting betre og ikkje minst billigare enn sine levande søstrer og brør i bordellbransjen. Men når omsetning av sex-dokker alt har vist seg som ein moralsk og økonomisk 'game-changer', og dei tradisjonelle prostituerte manar til opprop mot desse nye kollegaene, kva da med tiggarmarknaden?"


KILDER:

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 29.10.2019, 02.03.2020,  https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/tolvskillingsoperaen / 17.09.2020, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/tolvskillingsoperaen

Import fra premierelisten på Scenekunst.no 02/03-2020

Spilleplan
14. nov. 2020 kl. 18:00 – Hovudscenen – Premiere
25. apr. 2020 kl. 18:00 – Hovudscenen – Avlyst