Eg er i går

Eg er i går (2018) var en teaterproduksjon av Sogn og Fjordane Teater. Eg er i går var en urpremiere basert på et dokumentarisk skuespill av Bodil Kvamme. Produksjonen ble spilt på turné etter premiere i Førdehuset.

Regissør var Bodil Kvamme.

Informasjon

(Objekt ID 81337)
Objekttype Produksjon
Premiere 27. okt. 2018
Produsert av Teater Vestland
Basert på Eg er i går av Bodil Kvamme
Publikum Voksne
Språk Nynorsk
Emneord Teater, Dokumentar, Drama
Spilleperiode 27. okt. 2018  
Nettsted Sogn og Fjordane Teater
Les mer

På Sogn og Fjordane Teaters hjemmeside står blant annet dette om Eg er i går:

"Alvhild og veslesøstera rotar rundt i høyet på jakt etter kattungar når fingrane plutseleg treff kaldt stål. Dei finn skytevåpena som brørne i motstandsrørsla har gøymt. Dei veit godt at dei ikkje må snakke om det, at det er farleg. Likevel snappar tyskarane det opp. Søstrene blir henta av soldatar og avhøyrde på Gestapo-skøyta som ligg til kai i Florø. To av brørne blir sende til konsentrasjonsleir, og éin må gøyme seg i fjellet. Alle tre overlever krigen. Men den eine blir aldri meir seg sjølv. 

Historia er sann, fortalt av hundreåringen Alvhild Stafsnes. Ho har alltid følt skuld for det som skjedde. Som den eldste av søstrene skulle ho ha passa betre på, meiner ho. Det er den personlege krigen i krigen. 

Denne og mange fleire historier frå 1930 og fram til i dag er iscenesette i Eg er i går. Stykket er resultat av eit stort arbeid ved Sogn og Fjordane Teater. Manus er basert på intervju med eit knippe av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til 100 år. Dei er den siste krigsgenerasjonen. Åra under tysk okkupasjon pregar livet deira, men det er langt ifrå det einaste dei har på lager. Dei fortel om forelsking, lyden av barneføter, det første fjernsynet. Dei bygde vegar som batt grendene i lag, dei bygde landet."

En nyere tekst på samme hjemmeside inneholder blant annet denne informasjonen:

"Tolv livshistorier frå den siste krigsgenerasjonen blir til èi teaterframsyning. Manus er basert på intervju med Alvhild Stafsnes og elleve andre av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til meir enn hundre. Då dei var små budde dei på gardar som brødfødde dei. Så kom krigen, så kom kjærleiken, så kom ungar, arbeid, slit og glede. Så kom alderdomen og einsemda. Vi institusjonaliserer både barndomen og alderdomen slik at vi ikkje når kvarandre med historiene vi kunne delt. No strekkjer Sogn og Fjordane Teater ut handa til alle generasjonane som kjem etter desse tolv.

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater. Fleire framsyningar har vore laga på bakgrunn av intervju med verkelege personar. Men der intervjupersonane tidlegare har vore anonyme, står den eldre garden no fram med fullt namn. Dei kjem frå alle delar av Sogn og Fjordane, og representerer eit snitt av dei godt vaksne innbyggarane i fylket. Dei bidreg òg med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd."

KILDER:

Nasjonalbiblioteket, forestillinsplakat overlevert Sceneweb 16.05.2019

Sogn og Fjordane Teater, www.softeater.no, 21.12.2017, https://www.softeater.no/framsyningsliste/egerigaar

Sogn og Fjordane Teater, www.softeater.no, 29.10.2018, https://www.softeater.no/framsyningsliste/egerigaar

Medvirkende (18)
Navn Rolle
Bodil Kvamme – Dramatiker
Bodil Kvamme – Regi
Hilde Sol Erdal – Koreografi
Bodil Kvamme – Visuelt design
Anna Wingård – Kostyme
Harald Dahlstrøm – Musikkarrangement (Musikalsk tilrettelegging)
Krystian Myska – Lysdesign
Annlaug Børsheim – Skuespiller
Kyrre Eikås Ottersen – Skuespiller
Claus Sellevoll – Skuespiller
Marit Østbye – Skuespiller
Synnøve Ringdal – Rekvisitter
Karoline Solbakken – Inspisient
Johan Moen – Foto
Karoline Solbakken – Sufflør
Janne Karin Støylen – Research
Miriam Førde – Koreografiassistent
Johan Moen – Videodesign
Øvrige medvirkende

Dansere i Sunnfjord: Sarah Thingnes, Kolbjørn Bergset, Tollef Årdal, Elin Pehrson Grytting, Arne Fossøy og Kjersti Marie Imerslund

Dansere i Sogn: Gunvor Grov, Marit Aafedt Fjærestad, Erling Berge, Arne Fossøy og Sigrun Vigdal

Dansere i Nordfjord: Marit Helgheim, Else Tystad, Solfrid Helgheim, Anne-Karin Olsen, Elin Grytting og Kjersti Marie Imerslund

Spilleplan
31. okt. 2018Flora Samfunnshus Turnepremiere
28. okt. 2018 kl. 15:00 – Storsalen, Førdehuset, Teater Vestland Forestilling
27. okt. 2018 kl. 18:00 – Storsalen, Førdehuset, Teater Vestland Urpremiere