Tittel Filtype Publiseringsdato Last ned
Forestillingsprogram for Det Norske Teatrets produksjon OSLO (2019). pdf 11. jan. 2019 Last ned

OSLO

OSLO (2019) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. OSLO var en norgespremiere basert på et skuespill av J. T. Rogers med samme tittel. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Hovedscene.

Regissør var Stefan Larsson.

Kjersti Dalseide spilte Mona Juul.

Preben Hodneland spilte Terje Rød-Larsen.

Informasjon

(Objekt ID 77886)
Objekttype Produksjon
Premiere 11. jan. 2019
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Oslo av J. T. Rogers
Publikum Voksne
Antall publikum 5708
Antall hendelser 13
Språk Nynorsk
Emneord Teater, Drama, Politisk teater
Spilleperiode 11. jan. 2019  
Nettsted Det Norske Teatret
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Oslo:

"Dette er historia om korleis samtale, kompromiss, tillit og tru på at ein kan få det til, kan vere med på å endre historia. I alle fall for ein periode. På nokre månader i 1993 blei vesle Noreg og ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen sentrale i eit internasjonalt politisk spel som resulterte i ein historisk fredsavtale mellom Israel og Palestina, den såkalla Oslo-avtalen. Dette arbeidet gav året etter Nobels Fredspris til dei politiske leiarane i Israel og Palestina. Freden var ikkje langvarig, men sådde likevel eit håp om at det er mogleg å nå fram med samtale.

Fred som 'eksportvare'

Det er også ei forteljing om korleis eit lite land som Noreg fekk ei rolle som internasjonal fredsmeklar, og på nokre månader i 1993 blei sentrum for forhandlingar i ei av dei mest fastlåste konfliktane i etterkrigstida. 13. september same haust blei den historiske Oslo-avtalen signert i Washington. Dette var også med på å etablere Noreg som ein viktig internasjonal aktør, med fred som ein av våre 'internasjonale eksportvarar'.

Menneska bak

Teaterstykket Oslo ønskjer å vise menneska bak forhandlingane, korleis ein kan møtes på ulike nivå og vise ulike sider av seg sjølv, trass i at ein representerer to ulike partar i ein fastlåst politisk konflikt. Dramatikar J. T. Rogers meiner historia har alt ein dramatikar kan ønske seg: Det er aktørar under press, det er dramatisk, kjenslelada og det handlar om historisk viktige avgjerder. Forhandlingane i Oslo-prosessen tok i bruk nye metodar som bygde på tillit mellom partane og uformelle møte. Dei involverte i den hemmelege Oslo-prosessen var eit fåtal. Frå norsk side var Mona Juul, tilsett ved Utenriksdepartementet, og mannen hennar, Terje Rød Larsen, samfunnsforskar ved Fafo (Fagbevegelsens senter for forskning, utredning og dokumentasjon), sentrale aktørar.

Bakgrunnen for Oslo-prosessen

Frå januar 1993 hadde Noreg fasilitert ein serie uformelle møte mellom israelske styresmakter og Palestinian Liberalisation Organization (PLO) i Noreg, gjennom det som blei kalt Oslo-kanalen. Forhandlingane mellom den israelske statsministeren Yitzhak Rabin og PLOs leiar Yassir Arafat (rettere: representanter for de to, Scenewebs kommentar) gjekk føre seg i hemmelegheit på ulike adresser på Austlandet, etter at tilsvarande forsøk i Madrid og Washington hadde stranda."

KILDER:

Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 27.09.17, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/oslo/

Nasjonalbiblioteket, forestillingsprogram overlevert Sceneweb, 23.10.2019

Spilleplan
11. jan. 2019 kl. 20:00 – Hovudscenen, Det Norske Teatret Norgespremiere