Fødd på Dyrsku'n - Myljomtveitens Dyrskusjåvv 2016

Premiere10. Sep 2016
Produsert avSanden Kulturuplivingar
CoprodusenterGrenland Friteater

Om Fødd på Dyrsku'n

Sveinung Myljomtveit, kjend frå Dyrskuspela i 2009 og 2010 og frå eit utal stand-upp-uppdrag vidt i kring i Telemark, har blitt hyra på av Dyrsku’n for å lage årets jubilæums-spel på Fjoset! Ja, det er nesten ikkje til å tru at han har fått slik tillit etter å ha sett Fjoset på hovudet i 2009 og 2010, men Myljomtveiten slengde seg på mopeden og har vore heile fylket rundt for å samle folk og materiale til sjåvvet. No gledar han seg stort til det skal visast på laurdag kvart på seks og sundag kvart over to på Fjoset!
Myljomtveitens Dyrskusjåvv fér på skrå gjennom heile Dyrskuhistoria frå Vinje si opningstale i 1866 heilt fram til ein gløtt inn i framtidas Dyrsku. Det blir gjensyn med figurar som sjavaste fylkesagronom Indrebø, med ein ikkje ukjend gitarspelande lastebilsjåfør frå Drangedal og mange, mange fleire. Det blir spil om klokkehandel og det blir sang og musikk. Men framfor alt blir det skjemt og tull og moro! 
Det er Sanden kulturupplivingar i samarbeid med Grenland Friteater som lagar jubileumsspel på Fjoset under årets Dyrsku. Det er sjølvsagt Leif Arild Sanden som er Sveinung Myljomtveit, og saman med Tor Arne Ursin har han laga manuskript. Med seg har dei fått eit stjernelag med nokon av dei beste kreftene innanfor komikk i Telemark: Lena Barth Aarstad frå Porsgrunn og Ruben Kvålseth frå Notodden, Harald Valle frå Treungen og Jon Svartdal og Hæge Manheim frå Seljord. Og Ivar Barstad frå Svartdal har laga musikk og nyskrivne sangar!

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)