Talleiv Huvestad

Premiere14. Jan 2015
Produsert avSanden Kulturuplivingar
CoprodusenterGrenland Friteater
MålgruppeUngdom
Spilleperiode14. Jan 2015  
NettstedTalleiv Huvestad

Om Talleiv Huvestad

2014 er året for markering av 200 år med grunnlov i Noreg. Vest-Telemark Museum ønskjer å bidra til markeringa ved å setje fokus på ein stort sett gløymd, men fargerik og interessant historisk person:Talleiv Olavsson Huvestad, den einaste bonderepresentanten frå Telemark på Eidsvoll.

Huvestad var fødd på garden Storåslid i Skafså, men flytte til Dalen i grannesoknet Eidsborg etter at mora hadde gift seg opp att med Vetle T. Huvestad. Talleiv overtok Huvestad etter stefaren 1794.

Framlegget om å grunnlovsfeste og styrke odelsretten, eit framlegg som visstnok Huvestad sjølv skreiv, møtte derimot utbreidd sympati. Odelsretten hadde i ei tid vore sterkt utsett og stod frå 1811 framfor full avvikling. Her representerte grunnlova av 1814 eit vendepunkt.

Forteljinga om bonderepresentantane er sjeldan fortalt, og i mange markeringar vil dei mest framståande Eidsvollsmenn som heidrast, høyre til dei «kondisjonerte», i tyding av at dei hadde formell utdanning, status i samfunnet og ofte også pengar frå fødselen av. Kva gjorde at Huvestad vart vald, og kvifor fekk han ein så vanskeleg rolle, full av motsetnader? Han stod fram som bøndenes representant, med uvanleg danning og kunnskap, men tenkte sjølv og lét seg ikkje påverke av korkje bøndenes eller dei kondisjonertes særinteresser. Korleis bidreg enkeltmennesket til utvikling av demokratiet?

Medvirkende

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)