Torn & Rose
i Eventyrland
Torn & Rose i Eventyrland (2023) var en barneteaterproduksjon og en samproduksjon mellom Nordland Teater, Teater Vestland og Teatret Vårt. Torn & Rose hadde urpremiere 30. august 2023 på Norland Teater. Produksjonen tok i bruk VR briller som karakterene Torn (spilt av Peder Lauvås) og Rose (spilt av Carina Furseth) instruerte publikum når de skulle ta på og av.
Regissør og dramatiker var Cecilie Grydeland Lundsholt.
Informasjon
(Objekt ID 144383)Objekttype | Produksjon |
Premiere | 30. aug. 2023 |
Coprodusenter | Nordland Teater, Teater Vestland, Teatret Vårt |
I samarbeid med | Glitch Studios, Arshow, Storyline |
Basert på | Torn & Rose av Cecilie Grydeland Lundsholt |
Publikum | Barn, Alle, Familier, Voksne, Ungdom (fra 6 til 100) |
Språk | Nynorsk |
Emneord | Annet, Adapsjon av roman, Adapsjon av TV-serie, Adapsjon av film, Ambient teater, Animasjon, Barneforestilling, Eventyr, Fabel, Familieforestilling, Fantasy, Gjendikting, Heltekomedie, Interaktiv, IT-programmering, Komedie, Teater, Tverrkunstnerisk |
Spilleperiode | 30. aug. 2023 |
Spilletid | Ca. 70 min. |
Nettsted | Torn & Rose i Eventyrland, Teater Vestland, Torn & Rose i Eventyrland, Teatret Vårt, Torn & Rose i Eventyrland, Nordland Teater |
«Krise! Eventyrland har begynt å miste magien sin, og det er like før det er snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet.
For å vekke opp att folk sin kjærleik for eventyr inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!
Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland.
På vegen støyter dei på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar - og kanskje til og med ein heilt levande drake?
Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!
Passer for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.
Framsyningslengd: ca 70 min
Familieframsyninga er produsert av Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt.
Ei oppleving for sansane
Grensa mellom verkelegheita og den simulerte verda blir mindre tydeleg når ein dykkar inn i ei anna verd visuelt, akustisk eller ved rørsle.
I Auka Røynd (Augmented Reality/AR) legg ein virtuell informasjon og objekt over den verkelege verda. Ein utvidar verkelegheita med digitale detaljar som bilde, tekst og animasjon, gjort tilgjengeleg gjennom AR-briller eller via skjermar, nettbrett og smarttelefonar. Publikum blir ikkje isolerte frå røyndommen, men samhandlar og ser kva som skjer framfor dei.
Døme på AR kan vere Pokémon GO-spelet, som simulerer digitale skapningar i den verkelege verda, og i Snapchat har du kanskje trylla fram hattar eller briller i ansiktet ditt? Det er bruk av Auka Røynd!»
Navn | Rolle |
---|---|
Cecilie Grydeland Lundsholt | – Dramatiker |
Cecilie Grydeland Lundsholt | – Regi |
Johann Prell | – Komponist |
Kristian Lykkeslet Strømskag | – Dramaturg |
Birgitte Strid | – Scenografi |
Birgitte Strid | – Kostymedesign |
Yvonne Stenberg | – Lyddesign (Foley artist) |
Vegar Angel Nordheim Andreassen | – Lysdesign |
Carina Furseth (fra 2023 til 2025) | – Skuespiller (Rose) |
Peder Lauvås (fra 2023 til 2025) | – Skuespiller (Torn) |
Idun Losnegård (fra 2023) | – Skuespiller |
Linda Brean Mathisen (fra 30. aug. 2023 til 26. sep. 2023) | – Skuespiller (på Nordland) |
Johanna Mørck (fra 22. jan. 2025 til 2025) | – Skuespiller |
Anders Nybø | – Produsent |
David Lejard-Ruffet | – Videodesign |
Prosjektleiar, Storyline Studios Vidar Grande
Prosjektleiar, Glitch Studios Sami Hamid
Animatør Cenk Koksal
AR-utviklarar Onat Döker, Hasan Ulaş Sarikaya
Teknisk rådgjevar, ARShow Isaac Barel
Produksjonsrågjevar, ARShow Sasha Kreindlin
AR-teknikar Joe Even Maribo Bråtane
24. jan. 2025 kl. 18.00 – Hovedscenen, Plassen, Teatret Vårt | Forestilling |
23. jan. 2025 kl. 18.00 – Hovedscenen, Plassen, Teatret Vårt | Forestilling |
22. jan. 2025 kl. 18.00 – Hovedscenen, Plassen, Teatret Vårt | Nypremiere |
28. nov. 2023 kl. 18.30 – Vega Scene - Teatersalen (Showbox) | Forestilling |
12. okt. 2023 – Storsalen, Førdehuset, Teater Vestland | Nypremiere |
26. sep. 2023 kl. 18.00 – Hovedscena, Nordland Teater | Forestilling |
30. aug. 2023 – Hovedscena, Nordland Teater | Urpremiere |
Showbox | 28. nov. 2023 |
Marit Bendz, scenekunst.no, 17.okt. 2023
På kvart sete ligg eit par VR-briller, eller AR-briller på nynorsk. Dei er litt trøblete for oss med nærsyntbriller, som må ta dei av før vi kan ta på AR-brillene, elles vert alt uskarpt. Så når vi får beskjeden «På med brillene!», må eg først ta av mine eigne før eg kan ta på desse magiske brillene som gjer at bøker, fiskar og anna flyg gjennom lufta som i eit videospel. Samstundes ser vi Torn og Rose halde fram på scena, som har endra seg frå eit bibliotek til ein magisk skog eller sjøbotn.
Effektane er fascinerande, og det er visstnok første gongen dette vert testa ut på ei teaterscene i Europa. Det mest magiske er likevel samspelet mellom Peder Lauvås som Torn og Carina Furuseth som Rose. Sjølvsagt er Rose den kjappaste og modigaste. Når Torn helst vil springe og gøyme seg, står Rose støtt med bogen sin, som ho brukar til å skyte pilar frå hjarte. Dei er begge nydelege i rollene, vi blir glade i begge to.»