Utiseta

Utiseta (2022) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Utiseta var en urpremiere basert på et manus av Lisa Baudouin Lie med samme tittel. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Scene 2.

Regissør var Lisa Baudouin Lie.

Informasjon

(Objekt ID 133438)
Objekttype Produksjon
Premiere 29. okt. 2022
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Utiseta av Lisa Charlotte Baudouin Lie
Publikum Voksne
Antall hendelser 9
Språk Norsk dialekt og Nynorsk
Emneord Teater, Tverrkunstnerisk, Performance, Satire, Tragikomedie, Musikkteater
Spilleperiode 29. okt. 2022  —  2. feb. 2023
Nettsted DET NORSKE TEATRET
Les mer

På hjemmesiden til Det Norske Teatret står det blant annet følgende om Utiseta:

"Tre norner, to nissar, ein kvitorm, to perserkattar og eit myrlik inviterer oss inn i skogen, inn i vår eigen skog. Dei tar oss med på utiseta, for å sjå kva innsikter vi kan finne der.

I riktig gamle dagar levde vi tettare på naturen, vi var ein del av den. Vi kunne stole på eit teikn i naturen og på innsikter vi sjølve kunne få i samhandling med den. Vi spann forteljingar, mytar og nye verdsforståingar. Vi fann på ritual og festar for å vere nær skapinga av meining, på godt og vondt.

Alle kulturar har spor i seg av eldre kulturar og samanblandingar av dei. Alt kjem frå ein plass. Alle ord, talemåtar, reiskapar, mønster, spor av sed og skikk ein ikkje nødvendigvis tenkjer over. Vi heng saman med landskapa og naturen rundt oss og dei ulike folka som tilfeldigvis har vandra hit gjennom alle tider, som folkevandringtid, jernalder, bronsealder, steinalder og istider, og inn i førhistorisk tid. Vi søker oss langs faktiske og innbilte røter.

Dykk ned i ursuppa

Regissør Lisa Lie jobbar med draumelogikk og andre typar verkelegheitsforståingar som utgangspunkt i framsyningane sine. Ho er inspirert av teoriar om teaterets opphav, av gamle ritual, mytologi og filosofi. Men også av populærkultur og absurd humor. Maja Nilsen sin scenografi bidrar til eit omfattande djupdykk gjennom myrer og himlar. Vi skal reise gjennom morkne verdstre, sokne landskap og mykje anna som dukkar opp når vi grev oss gjennom forteljingane. Uttrykket er raust, scenen renn over av fargar, mytar, referansar og ord, og det heile er like underhaldande som det er skremmande.

Det sceniske verket blir skapt i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet, i eit forsøk på å kontakte det som ligg under og dvelar i både indre og ytre landskap vi omgir oss med. Det er ei form for psykoarkelogiske utgravningar som nyttar både det førestilte og det konkrete for å tenkje nytt rundt kva som kan ha vore og kva som er. Og kanskje kan vi ane konturane av kva som kan bli. Og dei leitar med lys og lykte etter håp i underjorda."

KILDER:

Årsmelding fra Det Norske Teatret 2022

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 14/11-2022,  https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/utiseta

Import fra premierelisten på Scenekunst.no 14/11-2022

Øvrige medvirkende

Pole dance-konsulent: Sometimes Aerial & pole Fitness ved Tina Cathrine Jahr Hagberg

Spilleplan
29. okt. 2022 kl. 18:00 – Scene 2, Det Norske Teatret Urpremiere