Per Anders Buen Garnås

Per Anders Buen Garnås er hardingfelespelar og skribent født 1980, i Bø i Telemark.

Per Anders Buen Garnås vart tidleg ein særs god spelemann med stor slåttekunne. Han har vakse opp med spel og song i heimen og i familien, og er son av den kjende songaren Agnes Buen Garnås.

Informasjon

(Objekt ID 5539)
Objekttype Person
Funksjoner Musiker
Nasjonalitet Norsk
Kjønn Mann
Les mer

Per Anders Buen Garnås spelte seg opp i eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken i 1999, som ein av dei yngste nokon sinne, og vann denne i 2003. Fire gonger har han vunne Fanitulltevlinga under Den Norske Folkemusikkveka på Ål. Per Anders Buen Garnås er med i gruppene Åtte Potte (1998 – 2001) og Hått (1997). Han har og fleire konsertprogram, som Salme, segn og solbøn saman med systera Ingvill Marit Buen Garnås, Draumkvedet saman med mora Agnes Buen Garnås, Åleine saman med mora og dansaren Ingebjørg Vesaas, og hardingfelekonsertar saman med mellom anna Daniel Sandén-Warg, og Olav Luksengård Mjelva. Han har komponera mange slåttar, og i 2006 var han ein av dei som komponerte slåttar til tingingsverk-konserten under festivalen Árinn i Kristiansand. Han har hatt omfattande konsertverksemd i heile verda dei siste ti åra, og jobba som musikklærar i kulturskulen i Tinn. Buen Garnås er også skribent, og har publisert ein rekke artiklar i ulike tidsskrift. Frå hausten 2006 til og med våren 2008 var han redaktør av tidsskriftet Kvinten.

Kilde: folkemusikk.no. 20.08.2010: http://www.folkemusikk.no/garnaas-per-anders-buen.4646149-146036.html

Medvirket i produksjoner (2)
Tittel Premiere Rolle
Festforestilling for norsk turisme (Grenland Friteater) 14. aug. 2010 Musiker
Spelet om Olav Mannslagar - Seljordspelet 2009 () 2009 Musiker
Det finnes ingen vedlegg tilhørende dette objektet. Om du har bilder eller andre relevante vedlegg, kan du sende disse til oss på e-post: redaksjon@sceneweb.no
Rapportér feil eller mangler