Tvisyn - om ein døl ved ein annan

Tvisyn - om ein døl ved ein annan (2018) var en teaterproduksjon av Sanden Kulturuplivingar i samarbeid med Grenland Friteater, Teater Ibsen og Riksscenen. Tvisyn - om ein døl ved ein annan var basert på et manus om Åsmund Olavsson Vinje av Leif Arild Sanden og Tor Anre Ursin.

Regissør var Tor Arne Ursin.

Med Leif Arild Sanden.

Informasjon

(Objekt ID 99752)
Objekttype Produksjon
Premiere 9. sep. 2018
Produsert av Sanden Kulturuplivingar
Coprodusenter Grenland Friteater, Teater Ibsen, Riksscenen
Publikum Voksne
Språk Norsk dialekt
Emneord Teater
Spilleperiode 9. sep. 2018  
Les mer

Skal du fare, må du ha noko å fare med! seier Dølen. Men treng ein det? Ein kan vel bare fare av stad? Og sjå kva som kjem? «Ferdaminne» blir aldri meir det same!

Vi fylgjer både Dølen Vinje og ein litt forsoffen døl av i dag på ei reise på kryss og tvers av både tid og geografi. Er Dølen flogvit eller flåkjeft? Poet eller potet? Eller rett og slett potetspritbrennar? Det er i år 200 år sidan Vinje blei født, men tvisynet hans er i høgste grad aktuelt også i dag- eller bør vere det! På ein liten time kjem vi innom både barndom, vaksenliv, poesi, sparkande satire og mykje humor.

 "Tvisyn - om ein døl ved ein annan" er ei framsyning med stand-up og magisk realisme, biografiske fakta og litt løgn, alvor og skjemt.

Leif Arild Sanden, skodespelar, lærar, skrivar, humorist og innimellom dørgande alvorleg vest-telemarking frå Kviteseid , busett i Treungen og sviv eindel helgelangs på Grünerløkka. Har bakom seg mange hundre svært ulike solooppdrag på kurs, konferansar, bursdagar og slikt- men også tittelrolla som "Den gjerrige" av Moliere i Grenland Friteaters tapping, som beverbestemor på PS 14 (Teater Ibsen og Grenland Friteater) og som Talleiv Huvestad i soloforestilling om Eidsvollsmannen frå Vest Telemark. Årets Spelemannprisvinner Anne Hytta har skrive tvisynte, trassige og hugmjuke musikken i forestillinga og Grenland Friteaters regissør har ein finger med i det meste.

Medvirkende (6)
Navn Rolle
Leif Arild Sanden – Manus
Tor Arne Ursin – Manus
Tor Arne Ursin – Regi
Anne Hytta – Musikk
Unni Bang Andersen – Kostyme
Leif Arild Sanden – Skuespiller
Spilleplan
9. sep. 2018 Premiere
Det finnes ingen vedlegg tilhørende dette objektet. Om du har bilder eller andre relevante vedlegg, kan du sende disse til oss på e-post: redaksjon@sceneweb.no
Rapportér feil eller mangler