Dottera

Premiere23. Feb 2019
Produsert avGoksøyr & Martens, Det Norske Teatret
Basert påDottera av Camilla Martens, Toril Goksøyr
SpråkNynorsk
UttrykksformerTeater, Drama
Spilleperiode23. Feb 2019  
NettstedDet Norske Teatret

Om Dottera

Dottera (2019) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Dottera var basert på et skuespill med samme tittel av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Produksjonen ble spilt på Hovudscenen, Det Norske Teatret.

Toril Goksøyr og Camilla Martens regisserte.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Dottera

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Dottera:

    "Det er ein lys morgon. Ei kvinne og ein mann vaknar nesten samtidig, og blir verande i senga lenger enn dei burde, fordi barna deira framleis søv. Snart skal dei ete frukost, og så skal dei lempe syklane på bilen for å komme dit dei telta i fjor. Den eldste dottera har bestemt seg for å bli heime. Ho har invitert nokre jenter for å feire at ho er blitt 18 år. Det er heilt ok, for det er greie jenter. Dessutan har mora hennar sagt at ho kan komme innom i løpet av natta. Det har ho sagt; – men kva om det likevel ikkje skjer?

    Dottera er ei historie om ein familie. Om mine barn og dine barn, og ho som berre bur litt her, fordi ho bur mest hos mor si. Det er ei forteljing om korleis alt i løpet av ei natt kan gå sund, sjølv om vi alle lengtar etter det same.

    Livet

    Dottera er del to i pentalogien Livet - ei rad med framsyningar som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Sceneteksten er basert på samtaler med foreldre, steforeldre, barn, ungdom og kvarandre.

    Publikum sit på eit stillas fire meter over bakken og kikkar ned i ein bustad med soverom, kjøkken, bad, stove og gang. Samtidig får dei også utdelt kvart sitt headset, slik at det er mogleg å følge eit tredimensjonalt lydbilde.

    Goksøyr & Martens

    Goksøyr & Martens blei etablert i 1997 av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Dei nyttar dokumentariske strategiar i arbeidet sitt, autentiske element som knyter kunsten til røyndomen. Dei har tidlegare vist framsyninga 11 år ved Det Norske Teatret. 11 år blei Heddapris-nominert som årets framsyning i 2017.

    Goksøyr & Martens har basisfinansiering frå Norsk Kulturråd, og er støtta av Bergesenstiftelsen og Fritt Ord. Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus."

    KILDE:

    Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 03.01.2019, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/dottera/