Edna og Bob (2006)

Dansar med Ibsen-deig. Koreograf Henriette Pedersen, i kompani med dansarane Beata Kretovicova og Erlend Samnøen, skaper med Ibsen-inspirerte Edna og Bob eit animert kammerspel over ein gedigen deigmasse og ei skuffe full av kvinnestrømper...

Informasjon

(Objekt ID 749)
Objekttype Produksjon
Publikum (fra 16)
Emneord Dans, Performance, Teater

Krav til spillested

Blending Nei
Les mer

Basert på Ibsens Når vi døde vågner. En dramatisk epilog i tre akter (1899), framstår Enda og Bob, realisert av Kretovicova og Samnøen, som animerte sjablongar av ?Billedhogger Rubek? og hans evige muse ?Irene? frå det som skulle bli Ibsens siste drama. Teksten portretterer Kunstnaren, med stor k, og Modellen, med stor m, som gav han skaparkraft til å forme sitt meisterverk. Verket som gjorde han verdsberømd, rik - og blasert. Han blir forleten av sin muse, men møter henne igjen seinare i livet når han har forma seg til klisjeen av den desillusjonerte, livstrøytte mann, og sit fanga i sitt sjølvinitierte trøysteekteskap. Det handlar om ibsenske manns- og kvinneskikkelsar som på kvar si side av kunstnaren gir sitt liv for å tene Mannen, Kvinna, og, eller, kanskje Kunsten. Av dei to kvinneskikkelsane blir den eine satt fri, medan den andre for lenge sidan tok sin død på grunn av si opphøgde rolle som urørlig inspirasjonskjelde for mannen ho elska. Den urørlige vender imidlertid tilbake frå dei døde for å hemne si ein gong så ungdommelege sjel. Det handlar om tapt liv og konflikten mellom det skapande og det skapte, begjæret og underkastinga i ein og same prosess. Edna og Bob fangar tematikken frå Ibsens drama gjennom tung symbolikk tangert av eit lett og leikande koreografert spel. Edna er den som gjer jobben, den som bygg opp både den seksuelle og dramaturgiske spenninga i parleiken. Medan Bob sitt lettare henslengt (eller anstrengt?) i sin solstol (symbolsk for lettkjøpt suksess?), kjem Edna slepande på eit tungt kar. Karet med den store deigen. Deigen som ho knar all si kraft og sjel inn i, før ho forgjeves søker å tiltrekke seg Bob?s merksemd. Strømpebuksene ho ikler seg blir etterkvart ein treffande metafor både på kvinnelig sensualitet og på kunstnarens blindskap for virkeligheten - overstyrt av sin eigen visjon. Bob ser tidvis ut til å gi etter for sitt fortrengde begjær overfor Edna, men endar sitt ?liv? i deigstøvet, medan Edna sitt fastbunden av sine eigne strømpebukser under vekta av eit lite kraftfullt ?meisterverk?: Bob sine (hardt tilkjempa) deigfylte strømpebukser, som i si figurative kraft blir til deformerte, livlause bilete på Edna sine eigne sensuelle og velforma ?livsverk?. Kvifor søke å etterlikne, fange i kunsten, det som står rakt imot ein i sin allereie livfylde, begjærlege natur? Den spøkefulle koreografien trigger dette spørsmålet med assosiasjonar til mangt eit kritisk-humoristisk perspektiv på kunst-, kjønns- og livsroller i dialog med, eller som ekko av Ibsens tekst, men lar samtidig deigen skape meir komediebesvær enn tragediebegjær for stumfilmaktige Edna og Bob.

Elin Høyland, Teaterkritikar og performancekunstnar/-produsent