Kan nokon gripe inn

Kan nokon gripe inn (2017) var en musikkteaterproduksjon av Det Norske Teatret i samarbeid med Riksteatret. Kan nokon gripe inn var en urpremiere basert på et manus av Lasse Kolsrud, bygget på tekster og musikk av Stein Torleif Bjella. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Hovudscene.

Regissør var Lasse Kolsrud.

Kan nokon gripe inn reiste på turné med Riksteatret, med premiere på Ål  i oktober 2017.

Informasjon

(Objekt ID 67552)
Objekttype Produksjon
Premiere 14. jan. 2017
Produsert av Det Norske Teatret, Riksteatret
Publikum Voksne
Antall publikum 22895
Antall hendelser 48
Språk Nynorsk
Emneord Musikkteater, Teater
Spilleperiode 14. jan. 2017  
Spilletid 90 minutter (ikke pause)
Nettsted Det Norske Teatret
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Kan nokon gripe inn:

"Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i bygninga som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søker kontakt - eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Vi møter bandet med den mystiske frontfiguren som er på veg ut i verda. Kanskje skal dei berre på spelejobb to stasjonar unna? Den unge gravide jenta, med barnevogn på slep, som ein gong var den mest populære. No ventar ho på han som sannsynlegvis er far til barnet i magen. Optimisten er han som stadig går laus på nye håplause prosjekt. No er det erobringa av den gravide jenta som står for tur. Pusling har i godt vaksen alder blitt flytta frå mor. No søker han kontakt. Han ber på ein termos med to koppar. Ekteparet Sorgfrid og Hemnaren kjempar på kvar sin kant med sorga over eit barn dei mista. Han er fly forbanna, ho er på veg bort. Frå han, frå alt?

(...)

Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi på framsyninga. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk vi innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. I Bikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

(...)

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar. Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv, som kom ut 7. oktober."

KILDER:

Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 27.10.2016, http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/kan-nokon-gripe-inn/

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 05.05.2017, http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/kan-nokon-gripe-inn/?gclid=CPKolteImtMCFQuBsgodExIHZg

Spilleplan
11. okt. 2017Storesalen, Ål Kulturhus Turnepremiere
15. jun. 2017 kl. 20:30 – Hovudscenen, Det Norske Teatret Forestilling
14. jun. 2017 kl. 20:30 – Hovudscenen, Det Norske Teatret Forestilling
14. jan. 2017Hovudscenen, Det Norske Teatret Urpremiere
Festivaler (1)
Heddadagene 14. jun. 2017