Ingenting om nattergalen

Ingenting om nattergalen (2000) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Ingenting om nattergalen var en norgespremiere basert på et skuespill av Tennessee Williams, Not about Nightingales. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Scene 2.

Regissør var Alexander Mørk-Eidem. Han vant Heddaprisen 2000 i klassen for beste regi.

Scenograf og kostymedesigner var Kari Gravklev. Hun ble nominert til Heddaprisen 2000 i klassen for beste scenografi og kostymedesign.

Informasjon

(Objekt ID 32419)
Objekttype Produksjon
Premiere 6. apr. 2000
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Ingenting om nattergalen av Tennessee Williams
Publikum Voksne
Antall publikum 2974
Antall hendelser 22
Språk Nynorsk
Emneord Drama, Teater
Spilleperiode 6. apr. 2000  
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmesider står blant annet dette om Ingenting om nattergalen:

"Ingenting om nattergalen er det første heilaftan-stykket til den store amerikanske teaterdiktaren Tennessee Williams. Han var berre 27 år da han skreiv det. Seinare vart det av ein eller annan grunn liggande, til den engelske stjerneskodespelaren Vanessa Redgrave kom over det og fekk det opp på Royal National Theatre i London til urpremiere i 1998 i regi av Trevor Nunn. Stykket frå 1938 vart ein kjempesuksess.

Tennessee Williams skreiv skodespelet under sterke inntrykk frå eit fangeopprør i USA som skaka heile nasjonen. Fire fangar vart torturerte og døydde i eit fengsel som hadde ord på seg for å vera eit mønsterbruk. Med eit ungdommeleg engasjement skjer Williams inn til beinet av den menneskelege eksistens: Er meininga med livet noko anna enn det å overleve? I ein kamp på liv og død må fangane velje kva for ein veg deira liv skal ta; Dø som heltar eller overleve som feigingar.

(...)

Alexander Mørk-Eidem er instruktør. Han er 28 år og har berre to år på baken etter regiutdanning ved Statens Teaterhøgskole. Dette er hans første regioppgåve på DNT, kvifor akkurat Ingenting om nattergalen?

- Stykket gjorde sterkt inntrykk på meg. Eg har både sett og lese det og begge delar reiv meg med, ikkje eit kjedeleg minutt. Elles har eg alltid vore interessert i unge diktarar eller ungdomsverk av kjende diktarar. Det er interessant å utforske korleis folk på min alder tenkjer og utrykker seg. Ein kan sikkert finne svake sider ved desse ungdomsarbeida, men ein finn også mykje energi og uforsonleg engasjement."

KILDER:


Repertoar på Det Norske Teatret 1913-2014. Overlevert Sceneweb 2015-09-08.

Det Norske Teatret om Ingenting om nattergalen, www.detnorsketeatret.no, 08.11.2012, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=282&tab=1

Sceneweb om Heddaprisen 2000, www.sceneweb.no, 12.11.2012, http://www.sceneweb.no/nb/awarding/23919/Heddaprisen_2000-2000

Spilleplan
6. apr. 2000Scene 2, Det Norske Teatret Norgespremiere