Personkrins 3:1

Premiere23. sep 1999
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påPersonkrins 3:1 av Lars Norén
MålgruppeVoksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerDrama, Teater
Spilleperiode23. sep 1999  

Om Personkrins 3:1

Personkrins 3:1 (1999) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Personkrins 3:1 var en norgespremiere basert på et skuespill av Lars Norén med samme navn. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Scene 2.

Regisør var svenske Björn Melander.

Personkrins 3:1 vant Heddaprisen 2000 i klassen for beste oppsetning.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Utmerkelser

    Tildelinger:

    Heddaprisen, 2000 Beste oppsetning

    Nominasjoner:

    Heddaprisen, 2000 Beste oppsetning

    Mer om Personkrins 3:1

    På Det Norske Teatrets hjemmesider står blant annet dette om Personkrins 3:1:

    "Vi ser dei i sentrum. Det er dei vi skyggjer unna og aldri ser inn i auga. Vi snur blikket bort og læst som dei ikkje eksisterer. Lars Norén tvingar oss til å sjå desse menneska; dei vi kallar horer, galningar, narkovrak og alkisar. Og ser vi nøye etter, kan det hende at vi kjenner igjen noko av oss sjølve. Bli med på ei seks timar lang reise på botnen av samfunnet.

    'Gjennom å skrive dette stykket vil eg gje desse menneska oppreising og vise at ikkje noko samfunn er sterkare enn sitt svakaste ledd. Dersom vi ikkje ser og tek vare på dei og deira røynsler, så dømmer vi vårt eige samfunn og liv til undergang, kulde, kjærleiksløyse og undertrykking.' Det seier forfattaren Lars Norén sjølv om stykket.

    Litterært dykk i våre liv
    Lars Norén er ein av dei viktigaste diktarane i den vestlege samtidsdramatikken, og han har stått sentralt i repertoaret til Det Norske Teatret. Med Personkrins 3:1 er det femte gongen vi har Noregspremière på eit av stykka hans sidan 1985, og publikum har visst å kjenne si besøkstid.

    (...)

    Lars Norén var tidlegare oppteken av å skildre borgarskapen og skreiv dramatikk om problematiske familiar i elegante salongar. Med Personkrins 3:1 skifter han perspektiv og tek oss med til andre enden av samfunnsstigen.

    Personkrins 3:1 hadde urpremiere i februar 1998. Kritikarane jubla, og stykket gjekk for fulle hus i heile Sverige. Stykket er starten på ein trilogi som Norén kallar 'Morire di Classe', eller 'klassedøden'. I neste del av trilogien, Skuggpojkarana (1999), møter vi nokre av dei innsette på ein lukka institusjon for menn som har gjort seg skuldige i grove brotsverk."

    KILDER:

    Det Norske Teatret om Personkrins 3:1, www.detnorsketeatret.no, 13.11.2012, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=300&tab=1

    Sceneweb om Heddaprisen 2000, www.sceneweb.no, 12.11.2012, http://www.sceneweb.no/nb/awarding/23919/Heddaprisen_2000-2000