Det går betre no

Premiere21. sep 2018
Produsert avDet Norske Teatret
I samarbeid medFeelgood Scene AS
Basert påDet går betre no av Bjarne Tjøstheim
SpråkNynorsk
UttrykksformerMonolog, Teater
Spilleperiode21. sep 2018  
NettstedDet Norske Teatret

Om Det går betre no

Det går betre no (2018) er en teaterproduksjon av Det Norske Teatret i samarbeid med Feelgood Scene. Det går betre no bruker et skuespill av Bjarne Tjøstheim. Produksjonen blir spilt på Det Norske Teatrets Scene 2.

Thomas Giertsen regisserer.

Bjarne Tjøstheim fremfører sin egen tekst.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Det går betre no

    I en pressemelding fra Det Norske Teatret står blant annet dette om Det går betre no:

    "Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer seinare i september med ei personleg og galgenhumoristisk framsyning om å leve med å stadig frykte det aller verste. Det går betre no har han kalla framsyninga, men er framleis litt i tvil om det er tilfelle. Premieren er 21. september på Scene 2 og regien er ved Thomas Giertsen."

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Det går betre no:

    "Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv -  når ein innst inne er engsteleg av natur?

    Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med å frykte det aller meste.

    Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kameratene sine i hagen til naboen på Randaberg. Denne barnelege hendinga bekrefta den indre frykta for kva livet vil føre med seg av farer og utfordringar. 

    Den som går med frykta får som regel bekrefta at det er god grunn til bekymring. Som til dømes då han fekk konstatert lungekreft - og hadde det i 24 timar - før det viste seg at det var ein annan sitt røntgenbilde.

    Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seie han er klin kokos. Men da han først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere.

    I soloframsyninga Det går betre no viser Tjøstheim ei ny side, og fortel personlege historier frå sitt ytre og indre liv. Som presteson med vaklande gudstro er håpet at englar skal komme for å redde han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med vinger, eller berre med kvit frakk.

    Men heldigvis, det går betre no. Eller gjer det eigentleg det?"

    KILDER:

    Pressemelding fra Det Norske Teatret 10.04.2018, www.mynewsdesk.com, 11.04.2018, http://www.mynewsdesk.com/no/det-norske-teatret/pressreleases/teaterhausten-paa-det-norske-teatret-er-klar-2472451

    Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 11.04.2018, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/det-gar-betre-no/