Vår vesle

Premiere5. sep 2018
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påVår vesle av Kristin Auestad Danielsen
SpråkNynorsk

Om Vår vesle

Vår vesle (2018) er en planlagt teaterproduksjon av Det Norske Teatret i samarbeid med Dramatikkens hus. Vår vesle er urpremieren på et skuespill med samme tittel av Kristin Auestad Danielsen. Produksjonen blir spilt på Det Norske Teatrets Scene 3.

Victoria Meirik regisserer.

Agnes Kittelsen spiller rollen som Mari.

Hilde Olausson og Svein Roger Karlsen spiller Maris foreldre.

Les mer

Medvirkende

Øvrige medvirkende

  • Dramaturgar: Anders Hasmo / Carl Morten Amundsen

Skuespillere: Agnes Kittelsen (Mari), Hilde Olausson (Monica), Svein Roger Karlsen (Sverre), Ellen Birgitte Winther (Karen), Kyrre Hellum (Håvard), Thomas Bipin Olsen (Leif)

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Vår vesle

    I en pressemelding fra Det Norske Teatret står blant annet dette om Vår vesle:

    "Scene 3 opnar med ein nyskrive tekst av Kristin Auestad Danielsen om ein situasjon stadig fleire unge vaksne opplever. Mari har eigentleg fiksa det meste, likevel har ho flytta tilbake på pikerommet - overvelda av livet og ute av stand til å gripe fatt i det. Victoria Meirik har regien på Vår vesle og Agnes Kittelsen spelar rolla som den unge kvinna."

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Vår vesle:

    "Mari er ei ung kvinne som har alt på stell. Likevel ligg ho stille på pikerommet, heime igjen hos foreldra, utmatta og overvelda.

    Ho har nett tatt ein mastergrad i Stockholm, har ein solid familiebakgrunn, er økonomisk trygg og kjem frå ei bygd der ho har eit godt nettverk. Likevel har ho kapitulert, det er blitt for mykje for ho.

    Vi aner ein understraum av noko. Er ho deprimert, og kva gjekk eigentleg galt? Er det relasjonen til foreldra, har det skjedd noko i forholdet til eksen i Sverige, eller er det ein sorgreaksjon over ei hending som er blitt for stor til å bære?

    I Vår vesle skriv dramatikaren Kristin Auestad Danielsen om ein tilstand som har fått større omfang dei seinare åra. Unge menneske som tilsynelatande ikkje skulle ha det vanskeleg, kjenner seg fullstendig overvelda av livet og kjem seg ikkje vidare. Ein tilstand som får fagfolk til å diskutere og som får større plass i litteraturen. Er det tida som ikkje strekk til, er det strevet etter det perfekte eller er det manglande evne til å finne balanse som får det til å tippe? I Vår vesle er den unge kvinna igjen blitt passasjer i foreldras liv."

    KILDER:

    Pressemelding fra Det Norske Teatret 10.04.2018, www.mynewsdesk.com, 11.04.2018, http://www.mynewsdesk.com/no/det-norske-teatret/pressreleases/teaterhausten-paa-det-norske-teatret-er-klar-2472451

    Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 11.04.2018, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/var-vesle/