Lykke-Pers klassereise

Premiere12. apr 2018
Produsert avDet Norske Teatret

Om Lykke-Pers klassereise

Lykke-Pers klassereise (2018) er en planlagt teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Lykke-Pers klassereise er basert på et manus av Sigve Bøe og Carl Morten Amundsen, med tekstinnslag og musikk blant annet av Brecht, Brel og Theodorakis. Produksjonen blir spilt på Scene 3.

Carl Morten Amundsen regisserer.

Sigve Bøe framfører monologen. Han fyller 70 år i 2018, og dette er hans offisielle farvel med teatret.

Les mer

Medvirkende

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Lykke-Pers klassereise

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Lykke-Pers klassereise:

    "Gjennom tekst og kjende songar frå mellom andre Brecht, Brel og Theodorakis, tek Det Norske Teatrets mangeårige skodespelar Sigve Bøe publikum med på ei reise gjennom ein generasjon. Mange, som Sigve, er fødde like etter krigen, og kan kjenne seg igjen i dessertgenerasjonens velstandsauke og politiske oppvakning. I si avskilsframsyning som fast tilsett skodespelar tek han oss med på Lykke-Pers oppturar og nedturar, idealisme og vonbrot, augeblikk av lykke og ulykke, store og små avgjerande episodar som har forma tilværet.

    Somme vil kjenne seg igjen i Lykke-Per, eller kjenne ein som han. Han er fødd like etter krigen, under ei heldig stjerne som mor hans sa. I dessertgenerasjonen i følgje far hans, med sølvskei i munnen, som dei sa, dei som like før han kom til verda og hadde opplevd krig og naud. Som ung kjente Lykke-Per slett ikkje takksemd. At han som kom frå ein såkalla alminneleg heim, altså som folk flest, skulle få universitetsutdanning tok han som ein sjølvsagt ting. I motsetning til generasjonane før han, fekk han oppleve ein levestandard som sjølv dei mest privilegerte i tidlegare tider ikkje har vore i nærleiken av. Har all denne olje- og griseflaksen gjort han - som mange privilegerte før han - grisk og grådig og forfengeleg, eller har han blitt fylt av takksemd, empati, altruisme - til og med lykke?"

    KILDE:

    Det Norske Teatret, 02.11.2017, detnorsketeatret.no, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/lykke-pers-klassereise/