Kva nashornet såg

Kva nashornet såg (2018) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Kva nashornet såg var en norgespremiere basert på et skuespill for barn av Jens Raschke, Kva nashornet såg på den andre sida av gjerdet. Produksjonen blir satt opp på Det Norske Teatrets Scene 3.

Regissør er Ivar Tindberg.

Informasjon

(Objekt ID 80017)
Objekttype Produksjon
Premiere 15. feb. 2018
Produsert av Det Norske Teatret
Basert på Kva nashornet såg på den andre sida av gjerdet av Jens Raschke
Publikum Barn (fra 11)
Antall publikum 649
Antall hendelser 13
Språk Nynorsk
Emneord Barneforestilling, Teater
Spilleperiode 15. feb. 2018  
Les mer

På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Kva nashornet såg:

"Vi er i ein ganske vanleg dyrehage. Her bur det mange eksotiske dyr som lever eit bedageleg liv bak gjerda. Men etter at eit nashorn døyr på mystisk vis, flyttar ein bjørn inn i dyrehagen. Bjørnen begynner å stille ubehagelege spørsmål: Kven er desse merkelege skapningane som bur på den andre sida av gjerdet?

Dei kjem med tog og er tynne som pinnar, stripete som sebraer, men dei går på to bein og luktar ikkje særleg godt. Sebra-vesena er meir døde enn levande. Slike skapingar har bjørnen aldri før sett.

Det velorganiserte livet til murmeldyret, pappa Bavian og alle dei andre dyra i dyrehagen blir forstyrra av bjørnens påtrengande spørsmål. Når det mest forferdelege har blitt ein del av kvardagen, er grensene for kva vi toler flytta.

Med tida venner ein seg til alt, og da må det ein nyinnflytta bjørn til for å ta grep.

Prisvinnande dramatikar

I stykket Kva nashornet såg på andre sida av gjerdet har dramatikar Jens Raschke dikta inn dyras blikk og tankar for å ta opp spørsmål om vald, sosial undertrykking og det kollektivt umedvitne. Handlinga er lagt til 2. verdskrigen og ein dyrehage i konsentrasjonsleiren Buchenwald.

Denne dyrehagen eksisterte faktisk, låg vegg i vegg med konsentrasjonsleiren, og var eit populært helgetilbod for borgarane i Weimar under den andre verdskrigen. Stykket er ei oppmoding om sivilt mot og om å stå opp mot undertrykking. Andre si liding kjem også deg ved.

Skodespelet vann den tyske barneteaterprisen i 2014."

KILDER:

Det Norske Teatret, 02.11.2017, detnorsketeatret.no, https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/kva-nashornet-sag/

Medvirkende (11)
Navn Rolle
Jens Raschke – Dramatiker
Carl Morten Amundsen – Oversettelse
Ivar Tindberg – Regi
Carl Morten Amundsen – Dramaturg
Anders Hasmo – Dramaturg
Stian Hole – Visuelt design
Charlotte Frogner – Skuespiller
Jonas Fuglevik Urstad – Skuespiller
Paul-Ottar Haga – Skuespiller
Unn Vibeke Hol – Skuespiller (alternerte med Ellen-Birgitte Winther i 2018)
Ellen Birgitte Winther – Skuespiller (alternerte med Unn Vibeke Hol i 2018)
Spilleplan
15. feb. 2018 kl. 18:00 – Scene 3 (tidligere Prøvesalen), Det Norske Teatret Norgespremiere
Det finnes ingen vedlegg tilhørende dette objektet. Om du har bilder eller andre relevante vedlegg, kan du sende disse til oss på e-post: redaksjon@sceneweb.no
Rapportér feil eller mangler