KOK

Premiere23. apr 2009
Produsert avEnsemble Fanfaronner
I samarbeid medDet Åpne Teater
MålgruppeUngdom, Voksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerOpera, Musikkteater, Teater, Musikk
Spilleperiode23. apr 2009  
NettstedEMSEMBLE FANFARONNER, Det Åpne Teater

Om KOK

Ensemble Fanfaronner hadde urpremiere på skrot-operaen KOKDet Åpne Teater våren 2009: Det er noko feil med havet. Det blir varmare dag for dag. Verda kokar i hel! Professor Brøyteplog sender dei to forskaraspirantane Rigmor og Ragnar ut for å finne termostaten som kan skru varmen ned. Rigmor og Ragnar legg ut på ferd mot Nordpolen, men ekspedisjonen tek stadig nye vendingar som gjer at dei gløymer oppgåva.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

Vis mindre

Vis alle

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om KOK

    Operaen KOK av Ensemble Fanfaronner tok opp tema som kjærleik, ansvar, hovmod og undergang: Klarer menneska å stoppa klimakrisa? Kven er idealist og kven er opportunist? Kven er helt og kven spolerer all framtid for menneska?

    I 2006 vitja Ensemble Fanfaronner Svalbard. Der kunne dei ikkje unngå å la seg inspirere av det arktiske landskapet, og engasjementet for å bremse utviklinga mot isfrie tider havna fremst fram i panna. Ideen om å skape ein nynorsk opera med polar tematikk vart umiddelbart unnfanga. KOK med Ensemble Fanfaronner var ein opera der musikk, tekst og visualitet smelta saman.

    Kilde: Det Åpne Teater, detapneteater.no, 07.10.2010, http://www.detapneteater.no/pub/daat/forestillinger/?aid=974&cid=17&sac=all&viewall=1#daat