Eg hatar persiske teppe - I'm bad, I'm bad

Premiere5. apr 2017
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påEg hatar persiske teppe. I'm bad, I'm bad av Sara Khorami
SpråkNynorsk og Persisk
Spilleperiode5. apr 2017  

Om Eg hatar persiske teppe

Eg hatar persiske teppe. I'm bad, I'm bad (2017) er en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Eg hatar persiske teppe. I'm bad, I'm bad er en solof av og med Sara Khorami, basert på hennes egen livshistorie. Produksjonen blir vist på Scene 3.

Carl Morten Amundsen regisserer.

Les mer

Medvirkende

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Eg hatar persiske teppe

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Eg hatar persiske teppe. I'm bad, I'm bad:

    "Eg hatar persiske teppe handlar om Sara sjølv og alle dei andre personlegdomane som ho har levd med og levd ut. Vi møter Michael Jackson, som ho eingong trudde ho var. Ein som var både svart og kvit og song og dansa som ein gud. Vi møter Jeanette, som er norsk og som lyg og kjem frå Sørlandet og har tenarskap og ikkje snakkar eit ord farsi. Det gjer derimot Mehrnaz, som ho diverre kom i skade for å drepe. Og så er det Sara Dibah, sjølvsagt, ho som kjem til Iran med kostbare Bik Bok-klede og kastar glans over slekta si. Dei bur jo i eit tilbakeståande u-land, som rettnok har ein fleire tusen år gammal kultur med persiske og flygande teppe og gamle dikt og slikt. Der må alle vere inne, for ute på gata er det soldatar som ber Sara Dibah om å ikkje le så høgt.

    (...)

    Det er Sara som simultandubbar såpeseriar til farsi for mormor i Sandvika mens ho et pommes frites, og Ailin, som har eit namn som verken er fugl eller fisk. Ho er jo på eit vis ingenting; ho er usynleg for menneskeauge. Ikkje er ho iransk og ikkje er ho norsk, og ikkje er ho så sint som Mehrnaz og ikkje lyg ho som Jeanette. Ho er berre stille. Så er det naboen, Alf, som brølar som ein gorilla og ikkje likar små jenter som kjem med blomstrar på døra eller skriv brev om at han eigentleg er snill, med helsing Jeanette.

    Sara er blitt skodespelar. Det er ofte ei ulempe å ha så mange ulike personlegdomar i kroppen, men i teateret er det sjølve greia.

    Framsyninga er på farsi og norsk. (Omsetjingane av Michael Jacksons songar til farsi er ved Sara Khorami eller Jeanette eller Mehrnaz (6 år).)"

    KILDE:

    Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 27.10.2016, http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/eg-hatar-persiske-teppe/