Spelet om Olav Mannslagar - Seljordspelet 2009

Spelet om Olav Mannslagar - Seljordspelet 2009: Ei blodig og dramatisk kriminalsoge frå 1600-talet, i samarbeid mellom Grenland Friteater og Seljordspelet. Spelet var dramatisert utifrå soga om Olav Garvik i Seljord som gjorde seg til drapsmann, låg fredlaus og til slutt blei halshoggen i 1686 ved Seljord kyrkje. Soga er godt dokumentert, men òg myteomspunne, og fleire forfattarar har skrive ho ned og fabulert rundt ho. Som teater blei ho fyrste gong framført på Det Norske Teatret i 1931 under tittelen Knivane, skrive av dåverande teatersjef Sigurd Eldegard.

Regissør var Tor Arne Ursin.

Informasjon

(Objekt ID 5551)
Objekttype Produksjon
Premiere 2009
I samarbeid med Grenland Friteater, Seljordspelet
Basert på Knivane av Sigurd Eldegard
Publikum Voksne, Ungdom
Språk Norsk og Nynorsk
Emneord Fysisk teater, Teater, Historisk spill, Dans, Musikk, Sang
Spilleperiode 2009  
Nettsted Grenland Friteater

Krav til spillested

Blending Nei
Les mer

Olav var ein akta og elska mann i si tid, men kva dreiv eit godt menneske til ei slik ugjerning? Kva med kona, mannslagarenka, og familien? Grenland Friteater grep fatt i konflikten mellom øvrigheitas rettsoppfatting og bygdefolket sin, i kvinnesyn og æresbegrep. Soga har levd på folkemunne, og fleire myter er knytt til ho: - at drapet var lagnadsbunde fordi han var spådd dette, at eine kniven hans var ein mordarkniv det kvilde ei forbanning over og at dei underjordiske, tussane, gjorde sitt til at han drap ein mann – noko som unnskyldte drapet?

Grenland Friteteater nytta både dans, musikk og song som uttrykk, med ljos i mørke augustkveldar.

Kilde: Grenland Friteater, grenlandfriteater.no, 20.08.2010, http://www.grenlandfriteater.com/show_details.asp?ID=1395

Spilleplan
2009Seljord Premiere
Det finnes ingen vedlegg tilhørende dette objektet. Om du har bilder eller andre relevante vedlegg, kan du sende disse til oss på e-post: redaksjon@sceneweb.no
Rapportér feil eller mangler