Eit hav av slike som Kaspar Hauser

Premiere16. sep 2014
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påEit hav av slike som Kaspar Hauser av Felicia Zeller
MålgruppeVoksne
UttrykksformerTeater
Spilleperiode16. sep 2014  
NettstedDet Norske Teatret

Om Eit hav av slike som Kaspar Hauser

Eit hav av slike som Kaspar Hauser er en teaterforestilling av Det Norske Teatret, produsert i 2014, og basert på et teaterstykke av Felicia Zeller.

Hilde Brinchmann regisserte.

Les mer

Medvirkende

Øvrige medvirkende

Omsetjing: Runa Kvalsund
Dramaturg:
Ingrid Weme Nilsen
Inspisient: 
Hedda Haaland
Sufflør:
Torill Steinlein
Kostymekoordinator:
Else Jacobsen Skogheim
Sceneansvarlege:
Tryggve Ildahl og Pelle Dengsø


I rollene:

Charlotte Frogner Kikki Stormo Iren Reppen

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Eit hav av slike som Kaspar Hauser

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Eit hav av slike som Kaspar Hauser:

    "Tre barnevernsarbeidarar får ein enda tøffare kvardag når kollegaen deira Bjørn plutseleg blir utbrent. Kven skal ta over alle sakene til Bjørn? Kor har det blitt av alle sakspapira hans?
    Når dei endeleg finn dei, viser det seg at han har 104 sakar han ikkje har følgd opp. Berget av sakar berre veks, dei ser ingen ende på arbeidsoppgåvene. Kjensla av å alltid ligge etter er ikkje til å leve med - det er eit hav av slike som Kaspar Hauser.

    Resultat av eit feltstudium
    Med svart humor og raske replikkar fangar den tyske dramatikaren Felicia Zeller kvardagen til ei yrkesgruppe som har ein av dei vanskeligaste jobbane i samfunnet vårt. Teksten blei til etter at ho hadde følgd barnevernsarbeidarar i Berlin eit halvt års tid og fekk innblikk i ein kvardag av tidspress, ekstremt stress, veksande saksbunkar, vanskjøtta barn, uthenging i pressa og ufullførte setningar. Framsyninga peikar på kor vanskeleg det er å vere menneskevenn når ein er bunden av paragrafar og institusjonelt regelverk. Stykket har fått fleire prisar og har sidan urpremieren i 2011 blitt spelt ved over 60 teater i Europa.

    Fanga i systemet
    Stykket kan verke som ein overveldande ordflaum. Det er både absurd, komisk og grotesk - ein slags Modern Times av paragrafar og regeltyranni som produserer taparar på 'løpande band'. Sakshandsamarane prøver desperat å forstå regelverket dei er sette til å handheve, men går seg stadig vill i eigne tolkingar og står sjølve i fare for å bli klientar i det same systemet.
    Regissør Hilde Brinchmann har villa lage ei framsyning der alle som har opplevd offentleg kontorgalskap og velmeinande, byråkratiske labyrintar, kan komme i teateret og le til dei grin.

    Kven er Kaspar Hauser?
    Den litt mystiske tittelen spelar på ei kjend og fantastisk historie om ein tenåring som dukka opp i gatene i Nürnberg i 1828 og påstod at han hadde vakse opp i eit mørkt fangehol frå han var liten. Seinare utvikla det seg utrulege historier om kven Kaspar Hauser var.

    Myten Kaspar Hauser har inspirert fleire poetar og forfattarar opp gjennom åra, mellom anna Paul Auster og Peter Handke. Historia har òg blitt filmatisert, blant anna av Werner Herzog. Innanfor psykiatrien snakkar ein i dag om 'Kaspar Hauser-syndromet' som eit samlebegrep for ungar som har vore utsette for omsorgssvikt i den grad at dei har utvikla psykisk og fysisk dysfunksjonalitet."

    KILDER:

    Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 08.10.2014, http://detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=427

    Import fra premierelisten på Scenekunst.no 11.09.2014