Vakkert

Premiere4. apr 2014
Produsert avDen Nationale Scene
Basert påVakkert av Jon Fosse
UttrykksformerTeater
Spilleperiode4. apr 2014  

Om Vakkert

Vakkert er en teaterforestilling av Den Nationale Scene, produsert i 2014, og basert på teaterstykket av Jon Fosse.

Anne-Karen Hytten regisserte.

Les mer

Medvirkende

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Vakkert

    På Den Nationale Scenes hjemmeside står blant annet dette om Vakkert:

    "I Vakkert lar Fosse familien, Han, Ho og Dottera, reise heim på ferie til mor hans, som bur ved fjorden. Denne gongen har dei bestemt seg for å bli heile sommaren. Der møter dei den gamle Venen hans, som ikkje har kome seg ut av bygda, han bur enno heime hos mor si. Dei spelte i orkester saman i ungdommen og det var Venen som var kløpparen på gitar, men vi anar no at det er eit kunstnarsinn som held på å gå i frø. Han er på si side musikklærar i byen, men har heller ikkje drive det til noko. No ser dei fram til å friske opp att gamalt venskap og ta seg ein tur på fjorden, det seier dei i alle fall.

    Dottera forelskar seg i ein gut i bygda, dei svermar rundt naustet nede i fjøra. Der har også Mora og Venen stemnemøte, medan Han sit heime i hagen og klunkar på gitaren. Det er sommar og vakkert, men under idyllen ligg det ei stemning av oppbrot på mange plan og spenningar mellom dei ulike personane som ikkje berre er vakre. Mora prøver å halde i trådane, men ikkje alt lar seg styre dit ho vil. Brått vil ikkje Ho vere der lenger, dei vaksne drar, men jenta blir verande att i 'sommaridyllen'."

    Kilder:

    Den Nationale Scene, www.dns.no, 01.04.2014, http://www.dns.no/program/2014/vakkert/

    Import fra premierelisten på Scenekunst.no 31/03-2014