Embargo - 7 små øvingar i kunsten å lukkast

Premiere24. feb 2009
Produsert avHordaland Teater
CoprodusenterTransiteatret-Bergen
MålgruppeVoksne, Ungdom
SpråkNorsk
UttrykksformerMusikkteater, Teater
Spilleperiode24. feb 2009  
NettstedTransiteatret-Bergen

Om Embargo

Embargo - 7 små øvingar i kunsten å lukkast av Tore Vagn Lid:

Forsøk på å ”caste” barn og unge inn i en profesjonell kunstsetting er ofte(st) gjort ut fra et ønske om ’autensitet’. Embargo – 7 øvelser i kunsten å lukkast, skrevet og regissert av Tore Vagn Lid for Hordaland Teater (2009), gikk motsatt vei. Her var det denne fordommen selv som ble iscenesatt ved hjelp av 11 attenåringer – 11 unge håpefulle - som hadde brukt to måneder på en sirkeltrening i kulturindustri; dvs. i å skjule sine strategier og instrumentelle kalkyler og hersketeknikker så godt som mulig, ikke minst gjennom å benytte sin ”barnlige ufarlighet” og sitt ”autentiske” nærvær i det postdramatiske teateret. I Embargo ble det kunstneriske materialet (manus og dreiebok) tilrettelagt for- og med tanke på det unge castet av 18-åringer som skulle inngå.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • 24. feb 2009 - Urpremiere
  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Embargo

    Embargo - 7 små øvingar i kunsten å lukkast av Tore Vagn Lid.

    Ikke vær mer personlig enn andre! Du tror du virker åpen og ærlig, men oppførselen din blir oppfattet som upassende. Ikke vær mindre personlig enn andre. Du tror du virker kontrollert, men blir sett på som lukket og kald. (Magasinet ”Woman” Januar 09)

    Ordet drama er eit underleg omgrep. Dette og det er dramatisk, seier ein i teatret og på filmsettet, og siktar då til ein tekst eller ein scene frå eit godt skrive manus. Men er det verkeleg slik? Har ikkje TV-industrien og ungdomsmagasinet for lengst vist oss kvar moderne drama eigentleg utspelar seg? Har ikkje den intense og altoppslukande jakta på idol-, musikal-, eller julestjerner for lengst vist at det ein som ungt kunstnartalent spelar, syng og viser er langt mindre viktig enn det som føregår før – og etter at våre lovande unge har vore i elden; at det drama som utspelar seg bak scena ofte er langt meir intenst, og langt meir verkeleg (og difor lèt seg selja!) enn det som utspelar seg på scena? Kven hugsar med kva dramatisk tekst ”det blei grine” då vinnaren – med grenselaus innleving – gjekk vidare frå første runde (var det ibsensk eller strindbergsk?), men kven gløymer tårene som rann for ope kamera etter at han rauk ut av konkurransen veka etter? Er det den gnistrande framføringa av Noras eller Verdis ”intrige” som ”ryster nasjonen”, eller er det intrigen som utspelar seg i dei tusen garderobane i tusen sendetimar – verda over?

    Dersom det er slik, at så mange moderne drama utspelar seg på ”bakromma”, på auditionstolane, på premierefestane, i dei intime hotellsengene eller i dei likså intime personportretta, kvifor – tenkte eg – kvifor ikkje gjere desse drama til teaterdrama? Og ein ting til: Når så mange av oss no ein gang ønskjer oss ein plass i ”finalen”, på ein stad der nettopp ”vår stemme blir høyrt”, og når i tillegg så mange av våre næraste – der heime i sofaen – ønskjer å sjå nettopp oss stige fram til gladiatormusikk i ”rampelyset”, kvifor då ikkje like godt bruke ein teaterkveld til sjølv å lære litt om ”how to do it” – til å øve seg i kunsten å lukkast? I ungdomsmagasina kan ein for tida trene på å slå opp på ein stilfull måte, eller dominere ein fest utan å bli plagsamt sjølvhevdande. På dei nye karrieresentra ved universitetet øver i skrivande stund studentane inn strategiar for å vinne jobbintervjuet på bedrifta etter endt mastergrad. Men kva med kulturindustrien, kva med teaterscenen, filmen, konserten eller catwalken? Kva med den arenaen som no er ein meir populær yrkesveg enn nokon sinne? Her har kanskje vi som allereie held oss fast på dei skrå bredder noko å lære bort; på godt og kanskje også litt på vondt.

    Kilde:

    Underskog, underskog.no, 01.08.21010, http://www.vagant.no/kalender/46402_embargo/forestilling/65122