Stolane

Premiere24. nov 1993
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påStolene AKA Stolane av Eugène Ionesco
MålgruppeVoksne
Antall hendelser30
SpråkNorsk
UttrykksformerAbsurd teater
Spilleperiode24. nov 1993  
NettstedDET NORSKE TEATRET

Om Stolane

Stolane (1993) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Stolane var basert på et skuespill av Eugène Ionesco med samme navn. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Prøvesal (Scene 3).

Regisør var Harry Guttormsen.

Forestillingen ble spilt på nord-norsk dialekt.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Presseomtale

    Bengt Calmeyer, dato ukjent, Morsomt med Ionesco - terningkast 5, Arbeiderbladet [Oslo]:
    "Det Norske byr på en svært morsom teaterkveld, gjennomlyst av Ionescos skarpsyn og fantastiske dialogkunst... og med Moan/Furøy som et ubetvingelig par fra nordlandene."

    Borghild Maaland, dato ukjent, VG [Oslo]:
    "I Det Norske Teatrets oppsetning svinger det mellom det hylende komiske og det rørende tragiske."

    Eilif Straume, dato ukjent, Aftenposten [Oslo]:
    "Først slår vi fast at to skuespillere utfolder seg storartet og fornyer seg for øynene på oss: Henny Moan og Odd Furøy. Moan er på topp som aldri før... og Furøys fleksibilitet og humor er strålende skuespillkunst. For her utfolder galskapen seg. Og i den er det mange sannhetskorn og vellykkede formuleringer - i Ragnar Olsens nordnorske sprogdrakt."

    Mer om Stolane

    På hjemmesiden til Det Norske Teatret står blant annet dette om Stolane:

    "Vi byr på eit stykke anti-teater av den store meisteren i den absurde teatertradisjonen med den 'tragiske farsen' Stolane av Eugène Ionesco. Her blir vi vikla inn i vanvittige situasjonar som tar uventa og hårreisande vendingar, utan at menneska på scenen har kontroll. Orda renn av garde med dei, og tilveret blir snudd på hovudet."

    "Han er 95 år. Ho er 94. Dei har vore gifte i 75 år, og mannen i huset har ikkje blitt til det han skulle her i livet, meiner kona. Han kunne til dømes blitt sjefsmarineminister, sjefssnikkarmeister, sjefselektrikar, sjefsteaterteoretikar eller sjefshoffmarskalk. I staden er han ikkje anna enn ein vaktmeister, og no er det for seint. Men no har han bestemt seg for å tale til heile verda. Sidan han ikkje sjølv er noko til talar, har han leigd ein profesjonell talar til å tale i namnet sitt. Og alle er inviterte til å høyre. Dei to gamle har nok med å finne fram stolar og konversere alle som ringjer på døra til deira tilbaketrekte liv. Til slutt er det så fullt at dei kan knapt røre seg. Den einaste som manglar er talaren...

    [...]

    Ionesco går laus på daglege situasjonar og får høgst alminnelege menneske i alminnelege dialogar til å framstå som urkomiske. Den rumensk-franske absurdisten Ionesco har spela ei vesentleg rolle i nyare scenekunst med det han kalla 'anti-teatret'. Sjølv kjende han seg uvel i teatret, og han vart brydd over å bli kalla dramatikar. Han kunne ikkje utstå dei vanlege teaterkonvensjonane. Det var nær på eit slumpetreff i følgje han sjølv at han vart teatermann. Han skulle eigentleg berre lære seg engelsk, men fann læresetningane i engelskboka så komiske at han skreiv eit skodespel av dei.

    For to år sidan gjorde vi publikumssuksess med dei to Ionesco-einaktarane Privattimen der læraren drap eleven sin og Den skallete songarinna som ikkje handla om noka songarinne i det heile. No følgjer vi opp med eit anna like absurd, like komisk og like utruleg skodespel av same forfattar.

    [...]

    Eugene Ionesco (1912-**) Rumensk-fransk forfattar og målar som har spela ei vesentleg rolle i nyare scenekunst med sitt 'anti-teater'. Ved å latterleggjere vanlege teaterkonvensjonar illustrerer han ein krisetilstand i teatret. Han syner gjerne det absurde i daglege situasjonar, korleis språket som skulle tene som eit kommunikasjonsmiddel menneska imellom, ikkje strekker til, og korleis orda er blitt utan innhald. Mennesket er sett inn i ei verd dei ikkje forstår; verdiane smuldrar opp.

    Blant dei mest kjende stykka han har skrive er Den skallete songarinna (1950), Privattimen (1951), Stolane (1952), Nashornet (1959), Kongen døyr (1962) og Massakerspel (1970). I 1960- og 70-åra vart han kjend for refleksjonar kring moralske og estetiske problem og kritiserte litteraturen i samtida for ikkje lenger å vere oppteken av dei store metafysiske og eksistensielle spørsmåla.

    'Eg har kalla mine komediar 'mot-stykke' ('anti-pièces'), 'komiske drama' og mine drama 'pseudo-drama' eller 'tragiske farsar', for eg synest det komiske er tragisk, og menneleg tragedie er ein spott. For det moderne kritiske mennesket er ikkje noko som kan takast heilt alvorleg, og heller ikkje heilt lett'."



    KILDE:
    Einar Dahls privatarkiv. Giver: Einar Dahl, 2014.10.29


    Kilde:

    Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 07.08.2013, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&layout=playroles&playid=153&tab=2

    **Scenewebs kommentar: Ionesco døde i 1994, men den siterte teksten ble skrevet og publisert i 1993.