Unge Werthers lidingar

Premiere9. okt 2010
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påUnge Werthers lidelser av Johann Wolfgang von Goethe
MålgruppeVoksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerTeater
Spilleperiode9. okt 2010  
Spilletid1 time 35 min. utan pause
NettstedDET NORSKE TEATRET

Om Unge Werthers lidingar

Unge Werthers lidingar(2010) var en produksjon av Det Norske Teatret. Unge Werthers lidingar var Jonas Corell Petersens Diplomoppgave ved KhiO.

Jonas Corell Petersen ble nominert til Heddaprisen for Beste regi for arbeidet med Unge Werthers lidingar.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Unge Werthers lidingar

    På hjemmsiden til Det Norske Teatret står det bl.a.:


    "Jonas Corell Petersens regidebut er et gjennomført uttrykk for tysk regiteater" skreiv Klassekampens kritikar etter premieren på Goethes Unge Werthers lidingar. Framsyninga blei ein suksess på Det Norske Teatret hausten 2010, prisløna og nominert til Heddaprisen for Beste regi. Men også mykje omdiskutert av kritikarar. Publikum på si side elska den unge Werther, og framsyninga har blitt sett opp med ekstraframsyningar sidan premieren. I desember blir framsyninga spelt for absolutt siste gong. Har du ikkje fått den med deg enno, har du fire sjansar igjen til å bli med på ein emosjonell berg-og dal-bane med ein frustrert, galen, forelska og manisk Werther i førarsetet. 
    Handlinga er enkel. Werther reiser ut på landet for å finne ro. I eit idyllisk miljø forelskar han seg i Lotte. Den unge jenta er allereie trulova og Werthers forelsking blir meir og meir panisk. 
    Moderne klassikar
    Werther forsøker å flykte, vender tilbake til Lotte, og oppdagar at ho har gifta seg med den utkåra. Det endar med at Werther skyt seg. Slik blir kjærleiken til Lotte både den største opplevinga i Werthers unge og korte liv og undergangen hans. 
    Werther er samstundes ein moderne helt med mange talent. Han manglar ikkje pengar, og konfliktane hans kan ikkje forklarast ut frå sosiale forhold. Sjølv om Werther er ein opprørar mot etablerte og tronge rammer, er han først og fremst ein individualist og ein narsissist. Han har hovudsakleg blikket retta mot seg sjølv.
    Romantikkens helt
    Ungdomsromanen av Johann Wolfgang von Goethes Die Leiden des Jungen WerthersUnge Werthers lidingar er eit av dei store og retningsgjevande verka i verdslitteraturen, og kanskje er romanen den første bestseljaren i litteraturhistoria. Etter den første utgjevinga i 1774 blei romanen raskt omsett til ei rekkje språk. Den unge Werther gjorde Goethe berømt og vart symbol på eit ungdomsopprør mot opplysingstidas kalde fornuft.
    Ein kan òg sjå på romanen som den første psykologiske romanen i Europa der heile handlinga skjer på ein indre scene og svært intime kjensler og tankar blir blottlagde. Unge Werthers lidingarer ein brevroman. Sjangeren var eit typisk 1700-talsfenomen, men Goethe utviklar forma ved fritt å blande brev med personlege skriftemål, dagboknotat og refleksjonar.
    Les intervju med TORBJØRN ERIKSEN i magasinet det norske
    Les intervju med MARIE BLOKHUS i det norske
    Les intervju med regissør JONAS CORELL PETERSEN i det norske
    Roman i vinden

    Den store populariteten til dette verket er ikkje berre avgrensa til Goethes samtid. Denne tette, sterke kjærleiksromanen med ei tydeleg språkleg kraft er framleis i vinden. Som Goethe sjølv hevda: ”Det finst ein periode i ein kvar ung manns liv der han opplever at Werther er skrive nettopp for han.” Romanen har blitt filmatisert dramatisert mange gonger og spelt på scener verda rundt. Framsyninga vår er basert på ei ny, tysk dramatisering av Andrea Koschwitz og Jan Bosse. Unge Werthers lidingar er Jonas Corell Petersens diplomarbeid i regi ved Kunsthøgskolen i Oslo. Eksamensframsyninga har vist seg å bli alt anna enn ein formalitet – snarare ein formidabel suksess.

    Kilde:


    Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 21.05.2013, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=95