Over open avgrunn

Premiere14. mar 2013
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påLaurdagskveld av Tarjei Vesaas; Avskil med treet av Tarjei Vesaas
MålgruppeVoksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerTeater
Spilleperiode14. mar 2013  
Spilletid65 minutter

Om Over open avgrunn

Over open avgrunn (2013) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Over open avgrunn var basert på tekster av Tarjei Vesaas, satt sammen av Uwe Cramer. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Scene 3.

Regisør var Uwe Cramer.

Marie Blokhus spilte Anne. Hun ble nominert til Heddaprisen 2013 i kategorien for beste kvinnelige hovedrolle/medspiller for sin prestasjon.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Presseomtale

    IdaLou Larsen, Ny teaterdebut for Vesaas idalou.no, 17.03.2013:
    "Som vanlig på Scene 3 er scenografien redusert til et minimum [...] Over open avgrunn er blitt en tankevekkende skildring av eksistensielle og mellommenneskelige spørsmål [...] Spesielt vellykket er skildringen av konstrasten mellom generasjonene, og som Anne fryder Marie Blokhus oss med sin barnlige impulsivitet i hvert smil og hver minste bevegelse. En så fantastisk prestasjon at forestillingen bør sees bare for hennes skyld."

    Mer om Over open avgrunn

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Over open avgrunn:

    "Var Tarjei Vesaas forut for si tid som dramatikar?
    Diktaren Tarjei Vesaas hadde ein ulukkeleg kjærleik til teatret. Heilt sidan tjuetalet freista han å skrive for scenen, og han gjekk i teatret når han hadde ein sjanse. Vesaas såg teater på kontinentet og blei inspirert. Men kjærleiken blei visst aldri gjengjeldt. Han såg det i alle fall slik sjølv. Dramatikken hans feila på scenen. Men skuldast det Vesaas eller teatret?  Det skal Det Norske Teatret gi eit svar på når vi løftar fram dramatikaren Tarjei Vesaas i jubileumsåret vårt.
    Det uutseielege
    På sedvanleg Vesaas-vis handlar det om ein kvardagsfamilie. Ei bestemor, ei mor, ein far og to barn prøver å nå inn til kvarandre, vere glade, ha det godt. Men tomrommet dei imellom er for stort og botnlaust. Det uutseielege går igjen som tema, lengta etter eit språk å nå fram til medmenneska sine med. Lik Fosse ligg dramatikken i det usagte og i pausane. Samstundes er regissør Uwe Cramers uttrykk fylt av surrealistiske innfall, musikk og leik. Det er ei uhygge som trengjer seg gjennom dei magre orda og som gjer at menneska kjenner seg på kanten av avgrunnen, utan å skjøne kvifor. Same kor mykje dei prøver, klarar dei ikkje bli nære kvarandre. Nett slik det var med Vesaas sjølv og teatret. Dei ville så inderleg nå kvarandre begge to - men klarte det ikkje. Kanskje ein tysk regissør, nyfrelst på Vesaas, er mann om å føre dei to saman...
    Peikar fram mot Fosse
    Det Norske Teatret har lese Vesaas sin dramatikk på ny, og det som slår oss, er kor moderne dramatikken hans er. Vi sit med kjensla av at det var teatret som ikkje var modent for Vesaas og ikkje omvendt. Den tyske instruktøren Uwe Cramer tar utgangspunkt i fleire korttekstar av Vesaas. Desse tekstane var skrivne for Radioteatret. Nokre av dei har også vore spelte på scenen som einskilde einaktarar. Cramer set dei saman slik at dei kastar lys over kvarandre. Ein ser at desse teatertekstane, når dei vert fridde frå naturalismen, peikar framover mot absurdistane og mot Jon Fosse."

    Kilder:

    Det Norske Teatret, 19.07.2013, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=385

    Heddaprisen, heddaprisen.no, 10.06.2013, http://www.heddaprisen.no/pub/heddaprisen/main/?aid=1176