Døden i Teben

Premiere17. jan 2008
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påDøden i Teben av Jon Fosse; Kong Oidipus av Sofokles ; Oidipus i Kolonos av Sofokles ; Antigone av Sofokles
MålgruppeVoksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerTragedie, Trilogi
Spilleperiode17. jan 2008  
Spilletid2 timer, 40 minutter

Om Døden i Teben

Døden i Teben (2008) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Døden i Teben var basert på en verson av Jon Fosse, av tre tragedier av Sofokles; Oidipus, Oidipus i Kolonos og Antigone. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Hovedscene.

Regissør var ungarske János Szász.

Sverre Bentzen spilte Oidipus.

Stine Mari Fyrileiv spilte Antigone.

Jan Grønli spilte Kreon.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Døden i Teben

    På Det Norske Teatrets hjemmeside står blant annet dette om Døden i Teben:

    "I vår presenterer Det Norske Teatret heile tre av Sofokles' store meisterverk på ein kveld i ein samanskriven versjon av Jon Fosse: Kong Oidipus, Oidipus i Kolonos og Antigone. Sofokles skreiv dei som einskildstykke, likevel heng temaet i stykka saman - ein mektig kongefamilies vekst og fall, fri vilje versus lagnad, makt mot moral og humanitet. Noregs store samtidsdramatikar er både respektfullt tru mot originaltekstane og meisterleg fri frå dei. Han skaper eit moderne eksistensielt drama - i samsvar med intensjonane til sin store dramatikarkollega 2500 år attende.

    Regien er ved ungarske János Szász, han har tidlegare mellom anna hatt regien på Hair ved Det Norske Teatret. Kari Gravklev, som i fjor (2007) vart nominert til Heddaprisen for scenografien til Tvillingar, har skapt eit storslagent og skjebnetungt scenebilde. Musikken er ved den kritikarroste islandske musikaren Jóhann Jóhansson, stemningsfull musikk som flyt saman med koreografien til Csaba Horváth.

    Kong Oidipus:
    Da Oraklet i Delfi hadde spådd at Kong Laios ville bli drepen av sin eigen son, vart den nyfødde Oidipus gitt til ein gjetar som fekk ordre om å bortføre og drepe barnet. Men gjetaren fekk medkjensle med den uskuldige guten og gav han vidare, slik at Oidipus til slutt hamna som son hos den barnlause Kongen av Korinth. Slik byrjar sagaen om den ulukkelege Oidipus (spelt av Sverre Bentzen) som mot sin vilje fullfører gudane sin plan - drep far sin og giftar seg med si eiga mor.

    Oidipus i Kolonos:
    Han som for ein kvar pris ville flykte frå lagnaden sin, erkjenner no si skuld og tek straffa for ei ugjerning som var lagnadsbesemt. Med dette skaper Sofokles ein helt som rett nok kjempar fånyttes mot høgare makter, men som gjennom sin hardnakka kamp for at sanninga skal komme fram, viser at mennesket har ein fri vilje. Lidingane hans gjer inntrykk på gudane, og dei tek den ulykkelege blinde vandraren heim til seg. 'Ein betre død har ingen fått', blir det sagt i Oidipus i Kolonos.

    Antigone:
    Oidipus' dotter følgjer den arme far sin på vandring – kjærleg og lojalt - medan sønene hans kjempar om makta etter hans avgang. Dei drep kvarandre i blodige oppgjer. Den nye makthavaren, Kreon (spelt av Jan Grønli), kunngjer domen over sønene: Han som forsvarte landet får ei storslått gravferd, medan han som kjempa imot skal liggje utan gråt og grav. Men Antigone (Stine Mari Fyrileiv) kan ikkje bøye seg for Kreon, ho gravlegg bror sin og må bøte med livet for dette. Den 2500 år gamle jenta har blitt ståande som eit symbol på all motstand mot lover som ikkje byggjer på humanitet og kjærleik."

    Kilde:

    Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no, 22.02.2013, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=211