Piaf

Premiere16. okt 2004
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påPiaf av Pam Gems
MålgruppeVoksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerTeater, Dans, Musikal, Musikk, Sang, Musikkteater
Spilleperiode16. okt 2004  
Spilletid2 timer og 35 minutter inkludert pause
NettstedDet Norske Teatret

Om Piaf

Piaf (2004) var en teaterproduksjon av Det Norske Teatret. Piaf var basert på et musikkteater-skuespill om Edith Piaf, av Pam Gems med samme navn. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Hovedscene.

Regisør var Matthias Davids.

Heidi Gjermundsen Broch spilte tittelrollen.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Piaf

    På hjemmesiden til Det Norske Teatret står blant annet dette om Piaf:

    "Edith Gassion blei fødd på ei gate i Paris 19. desember 1915. Ho voks opp hos bestemora, kokke på eit bordell i Normandie. Seinare tok faren hand om henne og lærte henne å bli gatesongarinne. I 1935 blei ho oppdaga av nattklubbeigaren Louis Leplee. Det var han som gav henne namnet 'La Môme Piaf' - den vesle sporven. Med ei særprega røyst og sin heilt eigne stil slo ho snart gjennom."

    "På toppen av karrieren var ho den best betalte songarinna i verda. Ho turnerte mykje både i Europa og Amerika, og tidleg i karrieren var ho òg med i nokre filmar. Det var likevel som plateartist ho erobra verda. Milord, Les Trois Cloches, La vie en rose og Non, je ne regrette rien - om figuren var liten og sped, var røysta stor. Men livet hennar var prega av skandalar, og ho blei tidleg ein myte.

    Ho elska mange menn, gifte seg to gonger men aldri med den store kjærleiken: boksaren Marcel Cerdan. Fransk-algiraren omkom i ei flyulykke, og Piaf kom aldri over tragedien.

    Ho levde hardt, og livet hennar svinga frå dei høgste tindane til den djupaste fornedringa. Alkohol, sjukdom og morfin prega store deler av livet hennar, men ho miste aldri taket på seg sjølv, på røtene sine. Kven ho var, kvar ho kom frå, kva ho stod for - alt dette visste ho, og ho var ærleg mot seg sjølv. Knapt nokon annan songar har vore så elska som Piaf.

    Ho blei berre 47 år gammal. 14. oktober 1963 følgde meir enn 40 000 menneske henne til grava."

    Kilde:

    Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 16.10.2012, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=239