Frendelaus

Premiere4. okt 2003
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påFrendelaus av Hector Malot
MålgruppeUngdom, Barn, Familier
SpråkNynorsk
UttrykksformerTeater, Dans, Musikal, Musikk, Sang, Musikkteater, Familieforestilling
Spilleperiode4. okt 2003  
Spilletid2 timer og 45 minutter inkludert pause
NettstedDet Norske Teatret

Om Frendelaus

Frendelaus (2003) var en familiemusikal produsert av Det Norske Teatret. Frendelaus var en urpremiere basert på en dramatisering av Øystein Wiik, av en roman av Hector Malot med samme tittel, med musikk av Gisle Kverndokk. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Hovedscene.

Regissør var tyske Matthias Davids.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Øvrige medvirkende

Som Arthur Milligan alternerte:

Bjørn Erik Dørum-Persen og Vegard Olsson

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Frendelaus

    På hjemmesiden til Det Norske Teatret står det blant annet følgende om Frendelaus:

    "Hittebarnet Remi blir som ung gut seld til Far Vitalis, fordi pleiefaren hans ikkje vil fø på han lenger. Remi reiser rundt med Vitalis og dyra hans, og han må underhalde for å tene pengar til kost og losji. I musikalen Frendelaus følgjer vi dei to på ei lang reise og opplever den varme vennskapen som oppstår.

    Men kvar kjem Remi frå, og kven er det som vil han til livs? Kvifor vart han som eittåring borte frå heimen sin i England, og dukkar opp hos fattige Mor og Far Barberin i Frankrike? Vil Remi nokon gong finne vegen heim?"

    "Det Norske Teatret byr på eit glimrande ensemble med ti dansarar og stort orkester. Her får du oppleve store shownummer i klassisk musikalstil, vakre balladar, ei mengd rollefigurar og tidstypiske kostyme. Handlinga er lagd til slutten av 1800-talet. Vi opplever bakgatene i London og idylliske scener frå landsbygda i Frankrike; er på marknadsplassen og møter den tjukke dama, dei siamesiske tvillingane og verdas lengste mann, og får eit glimt inn i det herskapelege livet på Milligan-godset i England.

    Fjerde musikalen frå Øystein Wiik og Gisle Kverndokk

    Øystein Wiik og komponisten Gisle Kverndokk byrja samarbeidet med musikalversjonen av Jostein Gaarders prislønna og populære roman Sofies verden. Stykket har hatt stor suksess i Tyskland, og vart etterfølgd av Farlige forbindelser og Vincent.

    Wiik, Kverndokk og ein klassikar

    Librettist Øystein Wiik vart henta frå Det Norske Teatret til Wien og London etter songprestasjonen i Les Misérables. 1988-oppsetjinga vart eit vegskilje både i norsk musikalhistorie og i Wiiks karriere. Framsyninga gjorde Oslo til Nordens musikalby nummer ein, og sende Wiik til vêrs på musikalhimmelen. Han har arbeidd mykje i Tyskland, berre avbrote av rolla som Sweeney Todd og ei rolle i Elvira Madigan på Det Norske Teatret. I idé og bearbeiding av Frendelaus står han som så ofte før saman med kona Inger Schjoldager.

    Gisle Kverndokk er ein av dei mest allsidige komponistane i Noreg. Tidlegare har han skrive operaer både for NRK og for scenen, og i 2005 blir operaen Den fjerde nattevakt oppført på Den Norske Opera. Han har lang røynsle med teatermusikk. På Det Norske Teatret har han komponert musikk både til revyen Tusen år og like blid og til Caligula og Som du vil. Gisle Kverndokk har òg fått fleire prisar for arbeidet sitt både her i landet og i utlandet.

    Hector Malot

    Hector Malot (1830-1907) skreiv om lag 70 romanar. I dag hugsar vi han best for dei tre barndomsskildringane Romain kalibris (1869), Sans famille (Frendelaus, 1878) og En famille (1893). Frendelaus er framleis ei av dei mest populære barnebøkene i Frankrike. Ho er komen i 50 utgåver, vart i si tid prislønna av Det franske akademiet og er ein omsett klassikar på fleire språk. Fleire dramatiseringar av boka er gjorde både for radio, film og fjernsyn. Forteljinga om Remi kom ut i Noreg alt i 1879, og er seinare omsett og utgitt fleire gonger."

    Kilde:

    Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 16.10.2012, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=277