The Black Rider - The casting of the magic bullets

Premiere4. sep 1998
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påBlack Rider av Robert Wilson, Tom Waits, Tom Waits, William Seward Burroughs
MålgruppeVoksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerTeater, Musikal, Dans, Sang, Musikkteater, Musikk
Spilleperiode4. sep 1998  
NettstedDet Norske Teatret

Om The Black Rider

The Black Rider (1998) var en musikalproduksjon av Det Norske Teatret. The Black Rider var basert på en musikal av Robert Wilson, Tom Waits og William S. Burroughs med samme navn. Produksjonen ble satt opp på Det Norske Teatrets Hovedscene

Regissør var Carl Jørgen Kiønig.

Lasse Kolsrud spilte Trebein (Peg leg).

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

Presseomtale

Yngvar Ystvedt sa i NRK P2:

"Djevelen var i høyeste grad til stede i dette merkelige, ja unike teaterstykke om jakt og våpen, kuler og krutt, rus og narkotika, kjærlighet og hat. Djevelen dirigerte det hele, med sine løfter til dem som solgte seg til ham. Men noe helsvart stykke var det slett ikke - tvertom var det noe av det festligste, morsomste, spenstigste jeg har sett. Noe i høy grad nytt. Noe overraskende, uforutsigbart. Var det en musikal? Ikke bare. En opera-parodi? Det og - og fantastisk morsom som sådan. Et skuespill om det gamle, tyske sagn om Friskytten som traff alt han siktet på fordi fordi han hadde gitt seg selv til Den Onde? Eller et forskrudd moderne stykke om sann moral og virkelig umoral i det samfunn vi alle lever i? The Black Rider var alt dette, og mere til: En ny og utrolig engasjerende teaterform." 

Kilde:

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 15.10.2012, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=311&tab=1

Mer om The Black Rider

På hjemmesiden til Det Norske Teatret står det blant annet følgende om Black Rider:

"The Black Rider fortel den klassiske historia om mannen som inngår tvilsame avtalar med djevelen. Om å ta val, om å selje sjela si og om det å vere avhengig, anten det er av pengar, kjærleik eller narkotika? 

Det siste er eit velkjent tema hos beat-forfattaren William S. Burroughs (Naken Lunsj), som saman med Tom Waits har skrive tekstane. Tom Waits' stemningfulle musikk, som varierer frå opera til kabaret, dannar ramma om stykket. Dei originale songtekstane blir bevarte i den norske oppsetjinga."

"Wilhelm og Kätchen
Wilhelm er ein bokhaldar som vil gifte seg med Kätchen. Ho er dotter til ein gammal skogvaktar som ønskjer seg ein dyktig jeger til svigerson, ikkje ein kontorist. Ein skyttartest skal avgjere om Wilhelm er god nok. Problemet er at Wilhelm ikkje eingong kan treffe ei utstoppa ku før ein mystisk skapning med trebein kjem til han i skogen. Trebeinet gir han 7 magiske kuler. 6 av dei treffer alt Wilhelm siktar på, men den sjuande tilhøyrer djevelen...

The Black Rider byggjer på ei gammal tysk vandrehistorie, Der Freischütz, som i Carl Maria von Webers opera med same namn. William Burroughs og Tom Waits har saman med Robert Wilson skapt ein fantastisk versjon i tråd med stemninga i det 20. hundreåret, der leik og fantasi står side om side med blodig alvor.

The Black Rider vart første gong spela i 1990 på Thalia Theater i Hamburg, og har sidan hatt stor suksess verda over.

Myten William S. Burroughs
I magasinet det norske skriv Jón Sveinbjørn Jónsson: "Myten William S. Burroughs skapte om seg sjølv, var hans måte å takle verda på etter at han drap kona si, Joan Vollmer Adams, i 1951.

Burroughs trengde pengar og ville selje eit våpen, ein 380 Star Automatic, men kjøparen var ikkje heime da Burroughs kom. Men det var ein fest gåande på staden, og kona hans var der. 'På tide med Wilhelm Tell-greia vår', skal han ha sagt, full, og ho, like full, skal ha ledd og plassert glaset på hovudet. Han skaut. Glaset fall uskadd i golvet, men Joan vart skoten gjennom tinninga.

'De skjønar, nokre kuler er esla for eit bestemt mål. Ein bestemt bukk eller ein bestemt person. Ei slik kule treffer berre det ho vil treffe', som det heiter i The Black Rider."

Kilde:

Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 15.10.2012, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=311&tab=1