Karusell

Premiere20. mar 1998
Produsert avDet Norske Teatret
Basert påLiliom av Ferenc Molnár; Karusell av Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II
MålgruppeVoksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerMusikal, Teater, Musikk, Musikkteater
Spilleperiode20. mar 1998  
NettstedDet Norske Teatret

Om Karusell

Karusell var en musikalteaterforestilling produsert av Det Norske Teatret i 1988, med utgangspunkt i musikalen av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II.

På hjemmesiden til Det Norske Teatret står det blant annet følgende om Karusell:

"Tenk deg eit samfunn av hardt arbeidande menneske, i eit vêrhardt men vakkert kystlandskap. Dei lever av jorda og sjøen. Vintrane er lange, men når våren kjem, svingar dei seg i våryr folkedans, syng lyriske kjærleikssongar og inspirerte hymner. 

Denne skildringa av Rodgers & Hammersteins Karusell kunne passa like godt på ein rotnorsk musikal, skriv regissør Steve Stettler."

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Øvrige medvirkende

Barn:
Benedicte Albert,
Henrik Hafskjold Bråten,
Maia Haraldsen,
Monica Husum Nilsen,
Martine Løkholm,
Kjetil Sagafoss,
Alexander Lian Wang,
Tine Roland Funderud,
Julie Elisabeth Løvold,
Mari Lindahl Kårhus,
Nikolai Nypan,
Carl August Munk,
Hans Fredrik Løvold,
Cina Espejord.

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Karusell

    På hjemmesiden til Det Norske Teatret står det blant annet følgende om Karusell:

    "Karusell var favoritten til det legendariske radarparet Richard Rodgers og Oscar Hammerstein, som på hitlista òg kan skilte med Oklahoma!, South Pacific, The King and I og The Sound of Music. I dag, meir enn 50 år etter at desse musikalane vart skrivne, er dei kjende klassikarar i det amerikanske musikkteatret, meisterverk som talar til nye tider og ulike miljø.

    Historia i Karusell er basert på Ferenc Molnárs skodespel Liliom, lagd til Budapest i 1920-åra. Då Rodgers & Hammerstein laga musikal av det i 1945, var dei usikre på reaksjonane hjå eit amerikansk etterkrigspublikum og flytte likså godt handlinga til ein liten fiskarlandsby i New England på 1870-talet og dei laga ein meir svingande slutt.

    Suksess i London og New York
    Karusell hadde premiere på Broadway i april 1945, og gjekk i meir enn to år. Fem år seinare fekk Karusell London-premiere med så store forventningar at applausen byrja alt før teppet gjekk opp første gong. I 1956 vart det laga ein påkosta Hollywood-film av Karusell, spela inn på Maine-kysten. 

    Sjølv om Karusell heldt fram med å vere eit populært val ved teatra rundt om, var det den berømte 1992-oppsetjonga til Royal National Theatre i London som med ny styrke fanga eit moderne publikum. Og musikalen kom tilbake til Broadway i 1994, der den vann fem Tony Awards inkludert prisen for musikalfornying. Instruktør Nicolas Hytner brukte skodespelet som utgangspunkt for musikalen, hans talentfulle fleirkulturelle ensemble bles støvet av fleire tiår med søte, romantiske Karusell-utgåver. Han valde heller å eksponere klassekonflikten og den seksuelle spenninga som finst like under overflata. 

    Vår produksjon på Det Norske Teatret flyttar handlinga frå Rodgers & Hammersteins Victoria-tid tilbake til Molnárs original frå 1920 og 30-åra. Eg opplever at jobbetidsøkonomien og den seksuelle frigjeringa i dei ville 20-åra, er ein perfekt bakgrunn for den håplause romansen mellom den sjarmerande tivoli-utroparen Billy Bigelow og den grå møllejenta Julie Jordan, akkurat som scenen der Billy vender tilbake til den fattige familien no er lagt til depresjonen i 30-åra. Når desse menneska blir framstilte som arbeidsfolk, blir sigrane dei vinn over all motgang viktigare og meir rørande. 

    Som Ein seljars død, ein annan amerikansk etterkrigsklassikar som nyleg har vore spella på Det Norske, tek Karusell opp motsetjingane og uvissa i den moderne verda ved å skildre kvardagsmenneske. Rodgers & Hammerstein kalla Karusell eit musikk-skodespel, og dei var klar over djupna og kompleksiteten i stoffet, sjølv om dei endra Molnárs skodespel slik at det skulle passe deira tid. Når ensemblet syng dei siste strofene i You'll Never Walk Alone, ser dei modig det ukjende rett i kvitauga. Dei hentar ikkje mot og styrke frå gammaldagse klisjear, men taklar motgangen med støtte frå dei ein elskar.

    Og det, håpar eg, gjer Karusell til ein musikal for vår tid, og for alle tider."

    - Steve Stettler

    Kilde:

    Det Norske Teatret, detnorsketeatret.no, 13.10.2012, http://www.detnorsketeatret.no/index.php?option=com_play&view=play&playid=307&tab=1