SKUDD! 2000! - Ung norsk scenekunst

Premiere7. jun 2000
I samarbeid medBIT Teatergarasjen, Danse- og teatersentrum, Norsk scenekunstbruk
UttrykksformerTeater, Dans, Performance
Spilleperiode7. jun 2000  

Om SKUDD! 2000!

SKUDD! 2000! (2000) var en forestillingsserie som presenterte unge personer på vei inn i norsk scenekunst, gjennom ulike forestillinger.

Serien strakk seg både over vårsesongen og høstsesongen 2000 på BIT Teatergarasjen.

Les mer

Spilleplan

Vis mindre

Vis alle

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om SKUDD! 2000!

    I BIT Teatergarasjens vårprogram for 2000 står dette om SKUDD! 2000!:

    "At der går føre seg ting i norsk scenekunst-miljø, skal der ikkje vere noe tvil om. Primært knytt til byane og somme tider kvelt av mediar snever spot mot etablerte teaterhus og institusjonar, må mindre aktører på kunstscena likevel lyse ekstra sterkt for å nå ut til eit større publikum. Juni månad i BIT Teatergarasjen er via fyrste del av årets tredelte satsing på, og presentasjon av unge norske kunstnarar, alle med potensiale og vilje til å ta imot sin del av søkjelyset.

    SKUDD! 2000! vil fungere som eit rekrutterings- og utviklingsprosjekt som har som føremål å styrkje desse aktørane. I samarbeid med Kulturby Bergen 2000, BIT Teatergarasjen, Danse- og Teatersentrum/ Norsk Scenekunstbruk støttar også storparten av dei norske fylkene prosjektet, og plogar for ei nasjonal kulturveksling parallelt med og innunder kulturbyane si internasjonale.

    Dansaren og koreografen Ellen Johannesen er blant dei som er fyst ut i SKUDD! 2000!. Med si sterke utstråling på scena, og avkledde personlege engasjement, legg ho i forestillinga Beings of a lesser kind seg tematisk ut med lengselen etter ei fundamental religiøs erfaring, i form av den anoretiske og ekstreme askesen. Ulik i form og tematikk er då teatergruppa Avslørte Bondepiker når dei gir seg i kast med Balladen om kukksugar Jones, eit teaterstykke med snert i både humor og framføring.

    SKUDD! 2000! blir ei framsyning av norsk breidde innafor teater og dansesjangeren."

    Kilde:

    Vårprogram, 2000, BIT Teatergarasjen

    Nerland. Marie (red.), Birkeland, Sven Åge (red.), Ferdskriveren, om risiko, 2003, BIT Teatergarasjen