Det Norske Teatret

Også kjent somDet Norske Teatret
OrganisasjonstypeRegional institusjon
HovedfokusTeater, Musikkteater
Etablert22. nov 1912
NettstedDet Norske Teatret

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret blei skipa 22. november 1912, og hadde den kunstnarlege opninga si i 1913. I 1985 flytta teatret inn i nye lokale i Kristian IVs gate 8. Det Norske Teatret er i dag det største og mest moderne teaterhuset i Oslo.

Teatret har tre scenar med fleksibel kapasitet; Hovudscenen (maks. 756 plassar), Scene 2 (maks. 200 plassar) og Scene 3 (maks. 120 plassar).

Teatret også ein foajéscene kalt Bikuben.

Les mer

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

Utmerkelser

  • Heddaprisen 2013
    i kategori Årets barne- og ungdomsforestilling
  • Heddaprisen 2013
    Nominert i kategorien Særlig kunstnerisk innsats
  • Heddaprisen 2012
    i kategori Årets forestilling
  • Heddaprisen 2009
    i kategori Årets barne- og ungdomsforestilling
  • Heddaprisen 2007
    i kategori Årets barne- og ungdomsforestilling
  • Heddaprisen 2006
    i kategori Årets barne- og ungdomsforestilling
  • Heddaprisen 2000
    i kategori Beste oppsetning

Egne produksjoner

Vis mindre

Vis alle

Tilknyttet

Vis mindre

Vis alle

Mer om Det Norske Teatret

I formålsparagrafen frå 1912 heiter det at Det Norske Teatret skal "syna fram skodespel på norskt mål i bygd og by". Alle eigenproduserte framsyningar blir spela på nynorsk eller dialektfarga mål. Det norske og nordiske har ein viktig plass i repertoaret, i tillegg til klassikarar og moderne europeisk og internasjonal dramatikk.

Musikkspel har òg spela ei viktig rolle i repertoaret heilt sidan starten, og Det Norske Teatret har hatt norsk premiere på store musikalar som Cats og Les Misérables. Dei siste åra har Det Norske Teatret satsa sterkt på ny norsk dramatikk og arbeidd fram fleire nye musikalar.

Repertoaret blir bestemt av teatersjefen i samråd med eit kunstnarleg råd av representantar frå dei ulike avdelingane i det kunstnarlege personalet.

Det Norske Teatret har vore leda av disse teatersjefane:
1912–15: Rasmus Rasmussen (1862–1932)
1915–16: Edvard Drabløs (1883–1976)
1916–17: Amund Rydland (1888–1967) og Anton Heiberg (1878–1947)
1918–20: Amund Rydland (1888–1967) og Sigurd Eldegard (1866–1950)
1920–22: Amund Rydland (1888–1967)
1922–33: Ingjald Haaland (1885–1952)
1933–34: Hans Jacob Nilsen (1897–1957)
1934–36: Oskar Braaten (1881–1939)
1936–42: Knut Hergel (1899–1982)
1945–46: Knut Hergel (1899–1982)
1946–50: Hans Jacob Nilsen (1897–1957)
1950–51: Edvard Drabløs (1883–1976)
1951–53: Ole Barman (1897–1983)
1953–61: Nils Sletbak (1896–1982)
1961–79: Tormod Skagestad (1920–97)
1979–90: Svein Erik Brodal (1939–)
1990–97: Otto Homlung (1943–)
1997–2010: Vidar Sandem (1947–)
Fra 2011: Erik Ulfsby (1970-)

EventyrForteljeTeaterStund av Det Norske Teatret var nominert til Heddaprisen 2013 i klassen for særlig kunstnerisk innsats.

Kilder:

Det Norske Teatret, www.detnorsketeatret.no

Heddaprisen, heddaprisen.no, 10.06.2013, http://www.heddaprisen.no/pub/heddaprisen/main/?aid=1176