Olav Dalgards kritikarpris 2016

Olav Dalgards kritikarpris

Vinnere
  • Mona Levin

    "Olav Dalgards kritikarpris går i år til ein framifrå og særegen teaterkritikar. Prismottakaren har vore synleg i norsk offentlegheit store delar av livet sitt, og er ein veteran innan det norske teaterkritikarkorpset. Allereie i 1986 begynte kritikaren å skrive teatermeldingar. Vedkommande er like aktiv idag, om ikkje endå meir aktiv, som då kritikaren starta verksemda si.

    Det er gjort mange intervju med denne engasjerte skribenten. I fleire av dei framhevar prismottakaren sjølv eit stort sinne: «Mitt sinne springer ut av bevisstheten om urett og overgrep», står det i eit intervju med Dagsavisen.

    Kritikaren skriv ofte temperamentsfullt. Nokre titlar fra den tallause kritikkproduksjonen til prismottakaren, er mellom anna: «Skrik, skrål og skum», «Underlig gammeldags», «Pompøst og kjedelig» og «Sirkusenke på syre». I ei melding står det: 
    «Vi får se at Carte Blanches dansere kan stå helt stille veldig lenge, at de kan utføre sine individuelle bevegelser uavhengig av hverandre, at de kan trampe. Og trampe og trampe. De kan hoppe som kenguruer og de kan løpe. Dette verket er aggresjonsskapende, og hvis det er Sharifis mål, har han nådd det. For øvrig er det ikke et minutt for kort.»

    Temperament og temperatur går også igjen i tekstane om dei framsyningane som får positiv kritikk. Vi finn titlar som: «Gjennomført og storslagent», «The Lulu Show: Originalt, intelligent og festlig», «Begavet humor, umerkede tekster» og «Beskjeden fyr i glitrende show!»

    Dei første åra i prismottakaren sitt liv var dramatiske og dei er mykje omtalte, både gjennom dei mange intervjua, i eigne tekstar og gjennom medverking i tv-program.

    Prismottakaren er i tillegg til å vere kritikar, forfattar av kritikarroste bøker, fleire om kjende norske kultur- og samfunnspersonar. Prismottakaren har også vore redaktør for fleire musikktidsskrift. Mottakaren studerte teatervitenskap ved State University of Iowa og studerte seinare ved Statens teaterhøgskole i Oslo. Dei som såg barne-tv i 1971, på svart/kvit-skjermane sine, hugsar kanskje nokre enormt store, imaginære 70-talsbriller – og ein sang som kritikaren sjølv har skrive saman med søstera si: «Vi tar på oss briller, eventyrbriller, og ser og ser.» Kunnskapen om det musikalske har ho tatt med seg inn i kritikargjerninga si. Det ligg presisjon, tyngd og seriøsitet i måten ho sett ord på dei musikalske kvalitetane i framsyningane ho skriv om.

    Prismottakaren, som dokker no sannsynlegvis veit kven er, starta journalistkarriera si i Aftenposten i 1973, der ho framleis arbeider som teaterkritikar – noko vi håper ho vil halde fram med i mange år enno.

    Olav Dalgards kritikarpris består av ein bronseskulptur, modellert av Sivert Donali og 10 000 kroner.

    Prismottakaren har tydeleg gjeve uttrykk for at ho meiner det er alt for mykje ståande applaus i Noreg, men no trur eg likevel at det er på sin plass at vi reiser oss og applauderer for at Olav Dalgards kritikarpris 2016, særs velfortjent, går til Mona Levin!

    Elin Lindberg"


    KILDE:

    Norsk kritikerlag, kritikerlaget.no, 14.04.2016, http://kritikerlaget.no/saker/olav-dalgaards-kritikerpris-til-mona-levin

Det finnes ingen vedlegg tilhørende dette objektet. Om du har bilder eller andre relevante vedlegg, kan du sende disse til oss på e-post: redaksjon@sceneweb.no
Rapportér feil eller mangler